Vedtaket var folkerettsleg tvilsamt og arabarlanda søkte å få det rettsleg prøvd for Haag-domstolen. Men vart hindra av England og USA.

Det var ein klar førsetnad for FN-vedtaket om opprettinga av staten Israel at alle som budde i området skulle få halde fram med det. Men den 09.04.1948 vart alle innbyggjarane i landsbyane i Deir Yassin slakta ned for fote på dei mest redselsfulle måtar. Dette vart gjort for å skapa panikk mellom den arabiske befolkninga for å få dei til å flykta. Ansvarleg for desse massakrane var senior statsminister og nobelprisvinnar Menachem Begin. Det er udiskutabelt kven det var som starta bølgja av terror og motterror i Midtausten. Arabarstatane gjekk då til krig mot Israel for å verna den arabiske befolkninga. Men i motsetnad til Israel var dei dårleg rusta og tapte krigen.

I media er Israel heile tida blitt framstilt som den forfølgde og terroriserte. Media har i heile denne tida ukritisk servert israelsk propaganda som sanninga. Medan realiteten har vore at det er Israel som har trakassert og terrorisert naboane sine. Det er derfor prisverdig at både NRK og TV 2 no tek til å formidle eit litt meir balansert bilete av det som skjer. Når kjem andre medium etter?

Israel er ei okkupasjonsmakt som stadig held landområde i grannelanda okkupert og som brukar terror som middel for å halda på kontrollen. Israelske styresmakter er skuldige i grove brot på menneskerettane, mellom anna drap og grov tortur. Den israelske terroren står ikkje tilbake for den dei sjølve vart utsette for frå tysk side. Israelske torturistar har også vore læremeistrar for torturistar i nokre av dei verste regima verda har sett. Nemnast kan Somosa-regimet i Nicaragua, regimet til Idi Amin i Uganda og apartheidregimet i Sør-Afrika. Det som har vore for skittent for USA har Israel teke seg av. Det er derfor med stor undring ein ser korleis kristenfolket i Norge trykkjer Israel til sitt bryst. Uansett kva Israel gjer, så vert det enten bortforklart eller unnskyldt. Det er alltid dei fæle arabarane som har skulda. Bodet om nestekjærleik gjeld vist ikkje arabarar.

Israel er i dag sjølv sin verste fiende. Dersom Israel får halda fram som no er det den sikraste vegen til utsletting av staten Israel. Eit lite folk som Israel kan ikkje i lengda halde fram med å audmjuke og terrorisere naboane sine utan at det får følgjer. Det er nok å sjå litt på folketal m.v. i grannelanda for å skjøna dette.

Dersom Israel får halde fram som no utan at nokon stoppar dei vil det før eller seinare enda

med utsletting av staten Israel. Det einaste som i lenga kan berga staten Israel frå utsletting er fred. Fred kunne Israel hatt for lenge sidan om dei ønskte det. Men Israel ønskjer ikkje fred. Dei er berre opptekne av å tilrana seg nye landområde frå nabostatane. Oslo-avtalen er eit godt døme på dette. Ein forhandlar og reforhandlar i det uendelege samstundes som ein byggjer for harde livet i okkuperte område. Osloavtalen har berre ført til at Israel har sikra posisjonane sine i okkuperte område. Avtalen er i ferd med å bli ei skam for Norge.

No må verdssamfunnet med FN i spissen kjenne sitt ansvar og sørgje for at Israel trekkjer seg ut av okkupert område og at det vert oppretta ein palestinsk stat. Som ein garanti mot vidare israelsk trakassering av grannelanda må det plasserast FN-styrkar mellom partane. Flyktningar må få venda heim og Israel må betale kompensasjon for all tilrana eigedom. Skal FN ha noka truverd i arabarlanda så må det stillest same krav til Israel som til Irak. Men som i so mangt anna er det USA som sit med nøkkelen. Så lenge USA saboterer FN sitt arbeid og held fram med å forsyna Israel med pengar og våpen, vert det ikkje fred i Midtausten.

Av Kristian Kjellstadli, Lofthus