Av Håvard Jordal Hanto

Det har derimot den kristne tradisjon, skal han vidare hevda. Det er naudsynt å sjå litt nærare på både denne og andre påstandar han kjem med i artikkelen og kva ringverknader dei har for Kristen-Noreg.

Påstanden om at det i kristen tradisjon er eit skilje mellom det verdslege og det åndelege ber i seg at Indremisjonen sin generalsekretær meiner at det i kristen arv ligg eit skilje mellom stat og religion. Med andre ord eit ønske om avvikling av statskyrkja i Noreg. Generalsekretæren stiller i så fall sitt eige forbund utanfor den kristne arven, då Indremisjonen ikkje er kjent for å arbeide for ei slik avvikling. Også KrF kjem i eit radikalt nytt lys. Kristelig Folkeparti har sidan det vart oppretta jobba for eit større innslag av kristne (religiøse) verdiar i norsk politikk. I følgje Hallaråker står også KrF utanfor den kristne arven.

Hallaråker overser norsk politisk historie frå år 1030, då Noreg vart kristna med sverd, og fram til i dag. Til dømes kan det vanskeleg hevdast at det ikkje var samanblanding av religion og politikk då katolisismen vart kasta på dør av kong Christian III i 1537. Også formuleringa i Grunnlova § 2 andre ledd («Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens Offentlige Religion.» [mi utheving]) tilseier at ei slik samanblanding har gått føre seg i lang tid.

Å hevda at muslimane sitt inntog i norsk politikk vil føra til ei slik samanblanding er å fullstendig oversjå regjeringspartiet KrF som deltakar i norsk demokrati.

Spørsmålet om dødsstraff er interessant slik Hallaråker uttaler seg. Muslimar i Noreg driv normalt ikkje med dødsstraff. Gjer dei det kan dei dømmast etter norsk lov og må sitja i fengsel framfor å driva politikk. Men dersom Hallaråker meiner at muslimar i Noreg er ansvarlege for det muslimar i andre land driv med, tyder ikkje det at kristne i Noreg er ansvarlege for det kristne i andre land driv med? Må kristne i Noreg ta eit oppgjer med USA sitt rettssystem, inkludert bruken av dødsstraff, før dei er skikka til å driva politikk her i landet?

Hallaråker underdriv også Kyrkja som møteplass og arnestad for politiske meiningar. Mellom anna skriv han: «Moskeen er ikke bare kirke eller bedehus. Islam har ikke noe skille mellom det åndelige og det verdslige området i livet.» Ein må gå ut ifrå at han meiner det islamske gudshus er ulikt det kristne også på dette punktet. Tidlegare var kyrkja den viktigaste møtestaden for folk flest. I dag har kyrkja utspelt si rolle som den viktigaste staden for utveksling av idear. Media er ein viktig arena for debatt, men det er først og fremst på handlesentra at folk møtest ansikt til ansikt for å utveksla nytt og kommentera dagsaktuelle saker. Dette har langt ifrå vorte sett på som i tråd med «den kristne arv».

Taktikken til motstandarane til abortlova må også endrast som ein konsekvens av Hallaråker sitt utspel. Eit av hovudargumenta mot denne lova var at Grunnlova § 4 («Kongen skal stedse bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion, haandhæve og beskytte denne .» [mi utheving]) sikra at verdigrunnlaget for norsk rett var den kristne trua. Når ein så framståande kristen talsmann som generalsekretæren i Indermisjonsforbundet riv vekk grunnlaget for eit slikt argument (samanblanding av verdslege lover og religiøs lære) burde det tilsei at dette argumentet no er lagt dødt og at han meiner det må vera opp til kvar enkelt å ta avgjerda om abort basert på si eiga (religiøse) vurdering.

Karl Johan Hallaråker sitt utspel mot islam må oppsummerast som eit uttrykk for manglande kulturelt og politisk minne, meir enn ei reell framstilling av norsk arv og tradisjon.