1. Alle menneske skal ha religions— og livssynsfridom. Jfr. menneskerettane. Dette inneber å utøva si tru og retten til å skifta livssyn eller religion. Her har islam problem. I fleire muslimske land inneber det dødsstraff. Muslimar i vårt land bør avklara sitt tilhøve til ein slik ideologi. Menneskerettane er ikkje hylla i den islamske verda. Eg oppmodar lesarane og mine kritikarar til å studera boka «Islam og terrorisme» av ein tidlegare professor i islamsk historie. Der er god innsikt i islamsk ideologi og prisen ein må betala, om ein hoppar av.

2. I islam si sharialovgjeving vert brot på religiøse lover straffa med fengsel, tortur og i visse høve dødsstraff. Jfr. den nigerianske, gravide kvinna. Her er skilnaden til kristen tankegang klar. Ut frå Bibelen kan eg seia at å leva i strid med Guds ord, kan føra til åndeleg død. Men det er noko heilt anna enn å seia at det skal resultera i fengsel, tortur og dødsstraff. Kritikarar nemner gamal sverdmisjon i kristendommen sitt namn. Det er godt den tid er over i vårt land. Muslimane er velkomne etter!

3. Når det gjeld skilje mellom det verdslege samfunnet og det åndelege, ser eg at nokon vil trekkja konsekvensen til å avvikla statskyrkja. Her er eitt aspekt viktig. I vårt land har ein lovmessig lagt til grunn at livssyn og andre trussamfunn/religionar skal handsamast på ein sakleg og så vidt mogeleg liknande måte. Jfr. Lov om trussamfunn og ymist anna. Det er også sikra ved at retten til frie skular gjeld for alle. Då Ap-regjeringa i si tid avslo muslimsk skule i Oslo, gav eg klart uttrykk for i ein tv-debatt at dei krenka muslimar sin foreldrerett med det vedtaket. KrF gjorde om Ap sin intoleranse!

4. Når det gjeld lover der kristne har standpunkt imot, må eg få nemna at eg i fleire artiklar og foredrag har sagt at vi må vera nøye med argumentasjonsmåten. Vi må t.d. argumentera annleis i bedehuset enn i Stortinget. I bedehuset kan eg halda fram at vi alle er forplikta til å leva i samsvar med kristen etikk, slik Bibelen talar. Eg kan ikkje reisa det kravet for alle i samfunnet. Her må eg respektera religions- og livssynsfridom. Det gjev meg ikkje mindre grunn til å tala mot abortlova. Den lova krenkjer dei aller svakaste i samfunnet - borna i mors liv. - Og så er det igjen viktig å nemna poenget mitt: Skilnaden til islam er at den religionen kan fysisk straffa dei som bryt religiøse lover. Du har aldri sett meg gå inn for at vantru i høve til kristen tru, eller for den saks skuld brot på abortlova eller partnerskapslova, skal straffast med fengsel, tortur eller døden.

5. Sidan eg også vert utfordra på tilhøvet til KrF, kan eg berre kort seia at eg ser det partiet godt i samsvar med rett skilning mellom religion og politikk. Men eg utfordrar dei gjerne til betre å bruka den kompetansen i samfunnsdebatten. Å opptre med verdiinnhald i det offentlege rom, er noko heilt anna enn å ha prestestyre som overdommar!

Karl Johan Hallaråker, generalsekretær