Etne kommune og Felleskjøpet sette inn Ølen-skuta «Nor Viking» for å koma dei åtte fastbuande på Eikemo til hjelp. Den 30 cm tjukke isen i Åkrafjorden har gjort grenda isolert frå omverda sidan midt i romjula.

Sandfrakts 2100 bruttotonn store «Nor Viking» med isforsterka skrog hadde ingen problem med å ta seg innover det fem kilometer lange islaget til Eikemo.

Men isen var seigare enn kaptein Eivind Gangstø og hans mannskap hadde rekna med. Ved passering Markhus var farten nede i vel to knop, og Gangstø valde å tøma ein ballasttank i baugen for å få meir brytekraft. Men etter ein time var den etterlengta råka broten opp også tvers over fjorden til Viskjer, Eikemo-folket sitt holdepunkt på fjordens vegside.

Stavanger-budeier

Saman med seks tonn kraftfôr til Eikemos innpå 300 geiter, hadde «Nor Viking» også med seg Stavanger-venninnene Kaja Nilsen Reinkjøp og Hanne Line Meling.

Dei to 19-åringane tok seg sommarjobb som budeier på Eikemo-stølen i fjor sommar, og blei verande i grenda. Med is på fjorden var returen til Eikemo forseinka etter juleferie i heimbyen. Dei ønskte ikkje å gå over isen slik Eikemos einaste skuleelev Solfrid Eikemo (12) har gjort i tre dagar for å nå skulen på andre sida.

— Venninnene våre i Stavanger var sjokkerte då dei høyrte at me ville arbeida som budeier på denne staden. Men me to finn på så mykje rart, seier Kaja.

— Men det har vore ei oppleving for livet. På Eikemo-stølen var me åleine med over 200 geiter og ein tam rev, Elly McRev. Utan fjernsyn og straum. Det blei mykje lesing, teikning og kickboksing. På hausten flytta me ned til gardane og hjelper no til der, fortel Kaja Nilsen Reinkjøp.

Håpar jentene blir

— Me treng jenter. Så me får håpa dei ikkje tek skrekken når dei har vore her gjennom vinteren, seier Geir Arne Eikemo (38), ein av tre geitebønder på Eikemo som først og fremst har venta på fôr til dyra.

Geir Arne Eikemo er godt nøgd med at Etne kommune har spandert isbrytarbåt på grenda. Ordførar Amund Enge følgjer «Nor Viking» på oppdraget, og lovar endå meir satsing på Eikemo. Ny molo, minikraftverk og betre kai på Viskjer er planlagt.

— Eikemo er den einaste veglause grenda i Hordaland. Ho er ein del av kommunen vår, og må haldast i hevd, seier ordføraren.

Seks år sidan sist

Åkrafjorden har stor tilførsel av ferskvann og frys fort til om vinteren. Skyssbåten over fjorden mellom Eikemo og Viskjer er for liten til å halda råka open når kuldeperiodane blir for lange.

Eikemo var isolert også etter julehelga i 1996. Den gongen skaffa kommunen kraftfôr til geitene med helikopter.

«Nor Viking» har høgaste isklasse av Ølen-reiarlaget Sandfrakts seks båtar store flåte. Med 18-20 millimeter tjukk hud og forsterka ror og propell, kan båten ta seg fram i opptil 40 cm tjukk is, opplyser Reidar Kåre Matre.

Båten kan dermed ta oppdrag i både Austersjøen og på Svalbard. Om eit par veker skal «Nor Viking» til St. Petersburg, og må bu seg på endå tjukkare is enn i Åkrafjorden. Men der er det store isbrytarar til disposisjon, trøystar kaptein Gangstø seg med.

Matros Robert Talent frå Polen har solid iserfaring frå andre båtar som har gått til Finland. Opptil ein meter tjukk is, fortel han. Så Åkrafjorden er «no problem».

ISEN BROTEN: «Nor Viking» gir Eikemo etterlengta kontakt med omverda. Geir Arne Eikemo (38) gir velkomstklem til gardshjelp Kaja Nilsen Reinkjøp (19). Til høyre Kjetil Eikemo (28).
FOTO: ROAR CHRISTIANSEN