På tvers av kontinent kan kontakt knytast og kunnskap, forståing og toleranse verta spreidd. Men diverre er det òg personer som har dårlege intensjonar ute på nettet. Følgjer ein enkle sikringsreglar kan ein unngå ubehagelege og unødige situasjonar. Her følgjer Redd Barnas nettvettreglar:

1. Fortel aldri nokon du treff på internett kvar du bur, ditt telefonnummer eller namnet på skulen din, med mindre foreldra dine eller læraren gjev deg løyve.

2. Ikkje send bilete av deg sjølv, kredittkortnummer, bankopplysningar eller andre personlege opplysningar over internett utan å spørja foreldre eller læreren først.

3. Passordet er ditt. Gje det aldri til nokon, sjølv ikkje til din beste venn.

4. Avtal aldri å møta nokon som du har treft på internett, utan godkjenning frå foreldre eller læraren. Spør ein vaksen om å vera med på det første møtet, som bør finna stad på ein offentleg plass.

5. Ikkje bli verande i ei samtalegruppe (Chat room, IRC) om nokon seier eller skriv noko som gjer at du føler ubehag eller vert redd. Fortel alltid om det til foreldre eller læraren.

6. Svar aldri på frekk, grov eller uanstendig e-post eller post på «Usenet Groups».

7. Sei alltid frå til foreldre eller læraren om du kjem over ekkelt, eller grovt språk eller bilete.

8. Ver deg sjølv. Ikkje gje deg ut for å vera noko anna eller nokon annan enn deg sjølv.

9. Hugs; om nokon gjer deg eit tilbod som verkar for godt til å vere sant, så er det sannsynlegvis akkurat det.

God surfetur!

TRUDE STORHEIM, REDD BARNA