TERJE ULVEDAL terje.ulevedal@bt.noDen internasjonale skipsfartsorganisasjonen, IMO, arbeider no for å få på plass ein slik avtale.— Merksemda på dette problemet er vesentleg større no enn for berre få år sidan, seier Anders Jelmert, forskar ved Havforskingsinstituttet sin forsøksstasjon i Austevoll. Jelmert legg ikkje skjul på at han er uroa over dei store mengdene virus og levande organismar som vert ført til noerskekysten med ballastvatn. - I gjennomsnitt har vi no kvar niande veke eit funn av framande artar ein eller annan plass på jordkloden. Havforskingsinstituttet forskar no på å injisere gassar i ballastvatnet på båtar for å drepe organismane. Andre metodar som separering, UV-stråling, reinsing ved hjelp av filter, oppvarming, og tilsetjing av ulike kjemikaliar (t.d. klor) er under utprøving andre plassar.- Skipsfartsnæringa er innstilte på at dette no er eit så stort problem at det må gjerast noko med. Hittil har enkelte nasjonar effektivt stoppa internasjonale køyrereglar. Men no ser det ut til at det skal kunne komme eit sett med standardar. Målet er at desse skal verte gjeldande frå 2004, seier Jelmert.