OVE A. OLDERKJÆRHalsnøy, Kvinnherad

Dette opplyser sjøfartsinspektør Cato Borch til Bergens Tidende. Undersøkingane kan ikkje bli gjort før "Green Ålesund"s akter-skip er heva ved pinsetider.

I dag blir truleg havaristen sitt forskip løfta opp or sjøen på ein lekter ved Eide Marine Services sin base i Høylandsbygd på Halsnøy i Kvinnherad.I helga braut forskipet sjøflata, og i natt er det arbeidd med å sikra vraket før siste hevingsetappe.

I sjøforklaringa i Haugesund sa "Green Ålesund"s kaptein at ein alvorleg feil på propellanlegget forårsaka grunnstøytinga ved Bleivik nord for Haugesund 15. desember i fjor. Dagen etter tippa Nomadic Shipping sitt fryseksip rundt og knakk seinare i to med 3200 tonn frosenfisk om bord.

Mesteparten av fiskelasta er om bord i forskipet som er frakta frå Bleivik til Halsnøy på ein lekter under sjøflata.

Etter hevinga i dag skal forskipet slepast til Skånevikfjorden der fiskerestane skal fjernast og gjerast om til masse.