Vi ser ein tendens til at dei svakaste og mest sårbare gruppene i samfunnet; barn og eldre, dei som i alle valgkampar blir lova «gull og grøne skogar», er dei som heile tida blir hardt råka av spareknivens ubarmhjertige kutt. Dette gjer at vi stiller oss spørsmålet:

Er dette berre ein unntakstilstand for inneverande haust, eller er det eit varsel om kva framtid som ventar barna våre i det offentlege skuleverket?

Vi vil med dette be bydelsstyret om svar på ovannemnde spørsmål, og også dei som fylgjer under.

På grunn av at vakansar ikkje skal erstattast, blir det ikkje råd å leige inn vikarar ved sjukdom, permisjonar o.l. Dette medfører at personale må omdisponerast. Det blir dermed færre 2.-lærarar, og tilbodet til barn som treng særleg oppfølging blir svekka.

— Er det lovleg til å ta vekk slike ressursar frå desse elevane?

Mangel på vikarar vil medføre at enkelte klassar kan bli ståande utan lærar og tilsyn, og elevane kan i slike høve bli sende heim. Har skulen eit ansvar for elevane i den oppsette skuletida, eller har den høve til å sende elevane heim grunna mangel på lærarar? Eit alternativ til heimsending av elevane vil vera å gi dei tilsyn av ufaglært personale på skuleområdet.

— Er skulen ein lærestad eller ein oppbevaringsplass?

— Har ikkje elevane krav på å få undervisning i alle skuletimane?

SFO blir ilagt samme hindring i bruk av vikarar til å dekke vakansar. Her er bemanninga alt i dag slik at vi ofte føler at SFO berre er ein oppbevaringsplass for ungane. Det er svært mange barn per vaksen, og dersom fråvær mellom personalet ikkje skal erstattast vil dette naturlegvis berre vera med på å forverre situasjonen.

— Tykkjer Årstad bydelsadministrasjon at dette er OK?

Kurs/kompetanseheving for lærarane skal skjerast til beinet.

— Har ikkje bergenslærarane lenger trong for fagleg påfyll?

— Er dei utlærte?

— Er det slik at motivasjons- og trivselsgrad for lærarane kanskje blir påverka av deira mangel på utviklingstilbod?

— Vil i så fall ikkje dette i neste omgang gå ut over elevane?

Heimkunnskapsfaget blir ofra, og elevane vil ikkje få prøva seg i praktisk matlaging. I staden for å steike pannekaker vil dei no måtte nøye seg med å teikne dei! Desse pannekaketeikningane kan i sin tur brukast i matematikktimane, som grunnlag for å teikne kakediagram, t.d. for å illustrere nedskjeringar i framtidige budsjett.

— Er dette ei god løysing for heimkunnskaps- og matematikkfaget?

Vi ser også ein del eksempel der det er dårleg samsvar mellom kommunens uttalte politikk og det vi nå ser som utslag av sparetiltaka som skal gjennomførast. Som eksempel kan vi nemne område som:

Inneklima og arbeidsmiljø for barn (og vaksne), og fysisk aktivitet er eksempel som ofte blir trekte fram som spesielle satsingsområde. Realitetane vi no opplever er snarare ei sterk forverring på desse punkta.

Budsjettnedskjeringar gjer at planlagde miljøtiltak må utsetjast eller kuttast ut.

Reduksjon i talet på tilsette gjer at planlagde aktivitetar som turdag, uteaktivitetar osv blir redusert til eit minimum. Enkelte bydelar går også inn for å stenge symjebassenga på skulane.

— Er det slik Bergen kommune vil at satsinga på barn og ungdom skal vera?

— Er det på denne måten vi vil skape gode og sunne oppvekstvilkår for barna våre, slik at dei kan vekse opp og bli gode samfunnsborgarar, og dermed legge grunnlaget for ei god eldreomsorg for dagens beslutningstakarar når den tid kjem?

Av FAU ved Minde skole, Ny-Krohnborg skole, Landås skole og Kronstad skole