kronikkSJUR DIDRIK FLÅM

MED STØTTE FRÅ NORAD har eg nyss undervist matematikk i Zimbabwe — og likt det godt. Studentane er gløgge, flittige og blide. Dei søkjer rustfri kunnskap, men manglar bøker - og sykkel. Det gjer ikkje eg. Mens eg syklar ropar folk til meg. Ein portnar byr meg ei brukt vaskemaskin for salg. Kort sagt: mange gleder seg over at også ein kvit mann synest fattig – og manglar bil.

Gleda virkar særskilt stor då eg ein dag transporterer ei kjær kvinne på same sykkel, opp forbi presidentpalasset og golfklubben. Dei svarte bykser då i veret:

— How are you doing this morning sir?

— Ikkje så verst, svarar eg, litt kortpusta i motbakken, litt sjenert av at president Mugabes store garde i same stund hevar bajonettane.

— OK, OK, keep going, keep going, ropar fotgjengarane, alle som ein. Og latteren stig i tretoppane. Kva ler dei av? Av at kvinna slepp så lettvint frå strevet?

IKKJE VEIT EG. Men hadde eg studert til mastergrad i Gender and Development ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, Universitetet i Bergen, så kunne eg sikkert fått greie på saka.

Der kunne eg - saman med stipendierte afrikanske studentar - fordjupa meg i akademisk feminisme og følgt seminar om: Simone de Beauvoir - teori og levd erfaring, Virgina Woolf og det feministiske essayet, «Platon: feminist eller antifeminist».

Dette er svært flotte og fengande tema. Fengande er også NFR-prosjektet «Kampen om kroppen» som utfoldar seg innan hjørner av Universitetet i Bergen med fokus «på endringsprosesser i det senmoderne norske samfunns syn på kroppen. I dagens kroppsdiskurser brytes nye holdninger mot gamle, slik at det rundt kroppen oppstår et felt av konflikter og dialog. Kroppen blir mangfoldig og tvetydig: Hva er den normale kroppen? Hvilke mellomkroppslige relasjoner forstås som normale? Hvem skal bestemme dette og hvem skal ha makt over kroppsdiskursen?».

IKKJE VEIT EG. Og det synest lett å gløyma alt strevet her til lands for å sikra grunnleggande goder - og fordeling av desse - før vi kunne analysera diskurs på heiltid, før vi kunne fokusera på kroppen i samfunnsvitskap og på kjønn i endring. Det kjennest difor godt at vi endeleg er komne så langt.

Enno betre kjennest det at utvalde afrikanske studentar når dit i eitt einaste langt byks. Dei vil sikkert læra mykje.

Men størst innsikt får truleg mange afrikanske mødre, særleg dei som ikkje kan kjøpa bøker eller skuleplass til ungane sine, når studentane ein gong vender heim og fortel kva dei har lært i Bergen. (Rett nok har ingen, absolutt ingen, av mine afrikanske studentar, utdanna i Norge med støtte frå utviklinghjelpa, hittil søkt heim. Håpet er likevel ikkje ute.)

Som sagt, denne fikseringa, denne evige analysen av kropp og kjønn er vidunderleg og viktig.

For eksempel framhevar odontologisk fakultet, Universitetet i Bergen, som partnar på ovannemnde kroppsprosjekt, at virkninga av eit vakkert smil og lysande kvite tenner ikkje må undervurderast. Men så langt eg kan sjå, har afrikanarar rikeleg av begge delar. Eg lurer på om kontakt med Norge eller nordmenn medfører særleg forbetring. Eg tviler dessutan på om prioriteringa er passande.

LITT AV TVILEN KJEM AV at Zimbabwe no blir styrt utan lov. President Mugabe set tilsides dommar felt av landets høgsterett (og saboterer kritiske aviser). Samtidig har Norge i gang eit større prosjekt der nede om Women and Law. Det seiest vera veldig fascinerande, interessant og viktig. Og øyredobbane går opp og ned. Og oksygenforbruket er betydeleg. Og reiserekningane fyk att og fram.

Det gjer også norske emissærar og ideologiske kolportørar av mangfoldige slag. Desse kommuniserer sine synspunkt for særskilt interesserte.

For eksempel heldt ei mediefagleg gruppe nyleg konferanse i Harare. Temaet var kommunikasjon. I solid norsk stil meddelte dei lite, hadde stiv nakke og mangelfull mimikk. Innfødde har ikkje slike lyter.

Så kanskje konfererte dei norske ekspertane litt med kelneren og lærte av han? Eg håpar det. Kelneren kan alt og greier forsona seg med at nordmenn har meir kjøpekraft enn uttrykkskraft, meir av kroner enn av kunnskap. Han dansar lysteleg fram til bordet mitt og spør:

— Was your meal OK sir?

— Nei, seier eg, det var ikkje OK; det var perfekt! Han rundar då fint og blidt av:

— So it was OK perfect then?

Ja, det var det! Det var servert med stil, komponert med kunnskap, fritt for frityrsteikt luft - og ikkje overlest med gode hensikter. Kort sagt: det var noko å bita i; det var ikkje stein for brød, og ting kom i rett rekkefølgje.

EG LEGG VED EIN FORRETNINGSIDÉ: I Harare kostar beste sort skokrem no tre kroner dåsen. Etter transport hit måtte ein kunne tena litt på import.

Sjølv har eg har ikkje tid til eit slikt føretak. Eg skal nemleg utforma ein prosjektsøknad om globalisering, roller, likestilling, berekraftig utvikling, persepsjon av fattigdom, kvinneperspektiv, ta på alvor, diskurs, satsa tungt, pluralistisk etnisitet, virtuell realitet og kropp, ekteskaps-kontrakter, og sosial konstruksjon/dekonstruksjon av kjønn i Afrika.

NORAD, Forskningsrådet og universiteta er umettelege på slike saker. Dei forlangar berre ein lang søknad, full av gode hensikter. Mangel på meritter og resultat er heilt greitt.

Men det er klart underforstått at Adam Smiths klassiske The Wealth of Nations bør leggast tilsides.

Og matematikk kan ein berre gløyma.