Det må vera eit sant helvete. President Bush snakkar om Saddam Hussein, Iran og Nord-Korea som vondskapens akse. Tilhøva kan neppe vera verre nokon stad enn på Guantanamo-basen på Cuba.

Ein har ikkje lov å torturere fangar, men internasjonal lov og rett gjeld ikkje amerikanarane. Så dei har vel sjølv skuld i at dei er komne i denne stoda, og bør ikkje gjera gale verre med å mishandla og torturere forsvarslause fangar.

Nazistane var fanatikarar som bin Laden sine medsamansvorne, men dei vert neppe mindre fanatikarar etter handsaminga på Cuba. Vondskap og hat kan ikkje utryddast med hat, men med kjærleik, med å gå føre med eit godt føredøme.

Daudsstraff høyrer ikkje heime i eit sivilisert samfunn. Ein straffar ikkje for å hemna, men for å førebyggja. Ingen har lov eller rett til å ta andres liv. Det er heidenskap. Absolutt alle fangar har krav på ei human handsaming. Berre FN kan sikra fangane på Cuba ei rettferdig og human handsaming. Det burde amerikanarane forstå, og ikkje øydeleggja for seg sjølve.

OLAV EIDE