PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noFørste mai takkar 65-årige Knut Stavang av etter 31 år ved kontoret på Sandane, 16 av dei som lensmann. — For meg er det overraskande at ingen søkjer, dette er ein god arbeidsplass i ein flott kommune, seier Stavang til Bergens Tidende. - Eg har i alle fall likt meg godt i jobben.Stavang er leiar for eit mellomstort lensmannskontor i fylket, med fire betjentar og ein sekretær i tillegg til lensmannen. Sjølv om han har likt jobben, legg han ikkje skjul på at stillinga har gjennomgått store endringar i den tida han har vore lensmann.- Det kan nesten ikkje samanliknast, seier Stavang, som trur at dei tøffare krava til lensmennene berre er ein del av forklaringa. Som betjent kan ein gå av for aldersgrensa tre-fire år tidlegare enn som lensmann, og med vakttillegg og overtid er heller ikkje skilnaden på lønsnivået spesielt merkbar. Også politimeister Bjørn Valvik i Fjordane meiner at dei tøffe krava er ein del av forklaringa på kvifor desse jobbane ikkje er meir populære. Den tradisjonelle lensmannsrolla har endra seg, med harde krav til økonomistyring og ressursbruk.Medan det ikkje kom ein einaste søkar i Gloppen, kom det berre to søkarar i nabokommunen Bremanger, der lensmannstillinga også er utlyst.