ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no OsloKor lang tid det gjekk før 57-åringen "fekk sparken" av spritligaen vart eit hovedspørsmål i Oslo byrett i går. Påtalemakta vil ha 57-åringen, som dreiv bygningsfirma i Tyskland, dømt for smugling av 253.200 liter 96 prosent sprit. Smuglinga skal ha skjedd over Ålvik, Ålesund og Svinesund.Aktoratet, politiinspektørane Jogeir Nogva og Yngve Skovly, legg til grunn at mannen var aktiv medspelar heilt fram til eit oppvaskmøte på eit hotell i Oslo rett før jul 1997. Der vart han hekta av opplegget. Fram til dette tidspunktet var 11 av 20 båtlastar landa i Ålvik. Frå fat til kanner Men sunnhordlendingen forklarde i retten i går at han berre har kjennskap til dei sju første lastene. Dei inneheldt til saman 157.600 liter sprit fordelt på 788 tohundrelitersfat. Han står fast på at hans rolle var fullt lovleg, sjølv om det etter kvart gjekk opp for han at det dreia seg om smugling.Frå og med åttande last (1. oktober 1997) vert spriten smugla i tiliters kanner. — Min klient har ingen kjennskap til tiliters spritkanner, seier advokat Erling Flisnes til Bergens Tidende.Han forsvarar sunnhordlendingen i spritsmuglarsaka.Den som overtok 57-åringen si rolle i Tyskland er ein austerrikar med kontor i same bygning. Han er ein ven av sunnhordlendingen sin tyske medarbeidar. Pistol og skarpe skot Tiltalte vedgjekk dei faktiske tilhøva ved smuglinga over Ålesund hausten 1998, då han vart teken på "fersken" i Sykkylven. Men han vedgår berre straffskuld for å ha med ein pistol med skarpe skot i magasinet.Han nektar for smuglinga over Svinesund i mai 1999. Etter fadesen i Sykkylven ville den tyske spritleverandøren berre senda sprit til Sverige, ikkje ein meter lengre.57-åringen seier han var med på fullt lovleg sprittransport frå Tyskland til Sverige. Han kunne ikkje hjelpa for at dei norske mottakarane "stal" spriten i Sverige. Det medførte ein del bråk som han måtte rydda opp i. I ein fersk dom frå Asker og Bærum herredsrett, der fem andre vart dømde for denne smuglarturen, er 57-åringen rekna som ein viktig medspelar. Politiinspektør Jogeir Nogva gjorde seg i går ferdig med utspørjinga av 57-åringen, og forsvararen, advokat Erling Flisnes, tok fatt. Deretter står forsvararane til dei sju andre tiltalte for tur.Sidan det er 57-åringen som i sine politiforklaringar har trukke inn dei andre, vil nok advokatane gå grundig til verks.Først utpå måndag er det venta at sonen på 32 tek plass i vitneboksen. Dei to neste vekene vil truleg gå med til forklaringar frå dei tiltalte, før vitnehøyringa kjem skikkeleg i gang.