Av Oddny I. Miljeteig, nestleiar i LO i Bergen og Omland

Det er berre gått eit halvår sidan Carl I. Hagen og Siv Jensen framstod tårevåte og mest hjelpelause på fjernsynet, i sorg over at Frp-kronprinsen frå Os hadde falle ut or utstillingsvindauga for Frp-suksessen. Den så godt som ferdigutdanna NHH-økonomen, sjølvaste inkarnasjonen på Frps veg vekk frå eggelikør, verstingpraksis og bygdetullingstempel, fall – for eige grep og eigen uklokskap.

Hagen gret, og Siv Jensen gret – eit halvår etter dei hadde fått vita om Søviknes sitt svik overfor ei 16 år gammal jente i partiets ungdomsorganisasjon. Dei hadde visst. Sjølvaste refsaren frå Øygarden, harmdirrande gammaltestamentleg på rettferdas side i media, han hadde også visst, synte det seg. Også han hadde vore tagal.

John Alvheim sitt framdyrka truverde dunsta som dogg for den sola som skin over rettferdige og urettferdige. Siv Jensens forklaring om at «menn er menn» gav heller inga moralsk oppreising til den pressa partileiinga – som var midt i ein utreinskingsprosess mot dei verstingane som stod i vegen for regjeringsdraumen. Men tårer frå partileiinga fekk i alle fall Terje Søviknes med seg i sitt så langt rikspolitiske sorti.

Sceneskiftet var totalt eit halvår seinare, etter at «Rikets tilstand» på TV 2 hadde synt fram Jan Simonsens «utsvevande livsførsel», som partieigar Hagen kalla det. Denne gongen var det ingen tårer og inga famling å spora hos partileiaren. Sirleg oppdressa, velformulert og godt førebudd felte Carl I. Hagen dommen over Jan Simonsen. John Alvheims moralske tyngde, rett nok fallert etter Søviknes-saka, trongst ikkje for å gje Frps justispolitiske talsmann banesåret.

Carl I. gjorde det heilt åleine, på ein kraftfull talarstol gjeven han av TV 2s sjefsgravar, Gerhard Helskog. Som gjerne ikkje hadde måtta gjort det store gravearbeidet for å finna fram til alle «avsløringane» om Jan Simonsen? Eller Jan S, som det stod på dei gule klistrelappane personalet på kulturhuset «Enka» hadde hengt opp … Denne motsetnadsfylte, godslege, vulgæraktige, Frp-reaksjonære justispolitikaren med det store hjarta og dei uventa venene.

For det var visst ikkje noko nytt «Rikets tilstand» hadde grave fram, denne gongen heller. I alle fall ikkje for partileiinga, og i grunnen ikkje for fylkeslaget eingong, om vi skjønar det rett. «Nok er nok», sa fylkesleiaren i Rogaland – etter ikkje å ha fått visst noko ho ikkje visste frå før.

Carl I. Hagen vart ikkje stortingspresident – den dagdraumen glapp, som dei fleste dagdraumar gjer. Sem-kameratane ville ikkje gjera ein slik handel i byte for regjeringsstøtte – ein har då moral. I alle fall til regjeringsmakta stod på spel – då var brått Siv Jensen leiar i Finanskomiteen og John Alvheim på plass att som Helse-Noregs fremste stortingspolitikar. «Ein fin gest», kalla Siv Jensen det.

Noregs mest framskotne parlamentariske verv (etter stortingspresidenten) – ein fin gest? Mon tru om Sponheim trivst betre i Carl I. Hagens famn (førebels for eitt år) enn i Senterpartiets? Medan vi andre undrast over kva eit parti under sperregrensa har å gjera i regjering – om ikkje nett det var plan A, også for Venstre. Som det var det for KrF: «Stem på en statsminister!» Men Kjell Magne hadde også ein plan B for å få oppfylt plan A, synte det seg.

Nett i desse dagar er Jan P., Kjell Magne, Carl I. og for så vidt også Lars ferdige med si mannjamning og har etablert sine revir. Høgsesongen for politisk dobbeltmoral er denne regjeringas historiske grunnmur. Men framleis fell det ingen tårer for Jan S. . . .