To bilar kolliderte inne i Hovdentunnelen like ved Høyanger sentrum. Ein tredje bil greidde ikkje å stoppe, og skal ha køyrt inn i dei to andre.

Politiet fekk meldinga om hendinga like etter klokka halv to, og er no på staden. Ved vaktsentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø får bt.no opplyst at det ingen av personane i bilane er skadde.