Av Lars Petter Sveen, Changemaker Bergen, Fredsinitiativet i Bergen Me er no vitne til at verdssamfunnet igjen er villige til å handtera ei vanskeleg sak med vidare øydelegging.

Irak har lenge vore herska og plaga av Saddam Hussein. Hussein har ikkje berre gått til krig mot land omkring Irak, han har også ført krig mot sitt eige folk. Og la det vere klart; Saddam Hussein er ein diktator og militarist av verste sort. Men rettferdiggjer det krigføring mot heile Irak? Rettferdiggjer det å gå til angrep på 23 millionar menneske?

Hussein har vorte støtta av USA og Storbritannia i fleire år. På starten av nittitalet var Hussein farlegare enn han nokon gong har vore (og kjem til å bli). Då hadde han eit massivt militærapparat og kjemiske våpen. Alt dette hadde han fått gjennom støtte frå nemnde USA og Storbritannia. Då Hussein valde å gå til angrep på Kuwait, forsvann støtta. Så ikkje la oss tru at Bush og Blair er moralske riddarar som vil fjerne Hussein fordi han er ei plage for det irakiske folk. Nei, som vanleg så bryr ikkje stormaktene seg noko vidare enn sine eigen interesser, og det er i dette tilfellet olje og makt.

Det er viktig å vise sin motstand mot ein krig i Irak. Som alltid i ein krig vil det verte sivile og uskuldige som døyr. Irak har lidd nok. Dei har vore undertrykt, dei har opplevd krigar før, og ikkje minst lid dei under umenneskelege sanksjonar utført av det internasjonale samfunn. Er så løysinga på lidingane å gå til krig? Eit klart svar er nei! Krig avlar vald, og vald avlar hat. Det er ein vond sirkel som ein krig ikkje vil vere i stand til bryte. Det er viktig å hugse at Irak ikkje er ein mann, Irak er 23 millionar menneske.

Alle har følgt med på konflikten i Irak den siste tida. Media har vore fylt opp med informasjon, dag for dag, om korleis stoda er. Det kan verke uoversiktleg, ja, det kan verke håplaust for oss vanlege å ha noko som helst innverknad på konflikten i det heile tatt. Men kor feil er ikkje ei slik haldning! Det er nett i desse tider det kjem fram kor viktig folkemassen, kor viktig di stemme er, kor viktig di meining er! Sjå på Tyskland: Her har Schröder tatt konsekvensen av kva det tyske folket meiner. Det tyske folket har klart sagt ifrå at dei er imot krig, og Tyskland har vorte eit av landa som verkeleg står fremst i arbeidet med å få ei fredeleg løysing på konflikta.

15. februar er det demonstrasjon på Torgallmenningen i Bergen. Det er ei folkerørsle mot krigen i Irak. Det er ei verdsomspennande markering som du ikkje må gå glipp av! Alle hovudstader og større byer over heile verda vil demonstrere og markere sin motstand mot ein krig i Irak. Og dette vil vere ein fargerik markering, me vil vise verdsleiarane, regjeringa, stortingspolitikarane, folket i Irak, at me bryr oss. At me ikkje vil sitje på sidelina og sjå på at ein krig vert ført i vårt namn.

Det nyttar å bry seg. Det kjem til å verte ei folkerørsle som politikarar og verdas leiarar ikkje kan snu ryggen til. Det kjem til å verte ei historisk hending, Du kan vere med og skape historie! Me sjølve har sjansen til å stoppe ein krig i Irak!

Møt opp på Torgallmenningen klokka 15.00, laurdag 15. februar.