Dette viser ei undersøking professor Terje P. Hagen ved Senter for helseadministrasjon ved Universitetet i Oslo står ansvarleg for.

Hagen, som er ein av landets fremste ekspertar innan helsepolitikk og -økonomi, har analysert kostnads— og effektiviseringseffektar av sjukehussamanslåingane som skjedde på 90-talet.

— Det er variasjonar mellom sjukehusa, men den generelle konklusjonen er at sjukehusa ikkje sparte noko på å slå seg saman. Snarare tvert i mot. Det vart litt dyrare å driva dei større einingane. Generelt bør difor forventningane til kostnadsgevinstane av sjukehussamanslåingar vera nøkterne, meiner Hagen.

Hovudkonklusjonane i den norske undersøkinga samsvarer også med liknande undersøkingar som er gjort utanlands.

Undersøkinga omfattar 17 sjukehus som var slege saman til sju. Samanslåingane skjedde på 90-talet, før dei norske sjukehusa vart statlege foretak, og før den politiske debatten om samanslåing av sjukehusa tok til her til lands.

Ingen gevinst i Florø

Blant sjukehussamanslåingane som er analyserte, er også samanslåinga av Sentralsjukehuset i Førde og lokalsjukehuset i Florø i 1995.

— Vi har ikkje funne kostnads- eller effektiviseringsgevinst ved denne samanslåinga, slår Hagen fast.

Annleis er det med sjukehusa som vart slått saman i Østfold. Der vart fem sjukehus slått saman til eitt stort. Ved desse samanslåingane vart også akuttberedskapen sentralisert og det skjedde andre endringer i funksjonsfordeling.

— Både effekten på kostnadseffektivitet og arbeidsproduktivitet er klart positiv, konstaterer Hagen. Han meiner det er fleire årsaker til dette.

— I Østfold vart det gjort ei radikal endring i funksjonsfordeling. Dette er mogeleg sidan dei geografiske avstandane er korte i fylket. Også etter samanslåingane var reiseavstanden kort for pasientane til næraste sjukehus.

Bør vera nøkterne

Hagen presiserer at forskarane ikkje har undersøkt om samanslåingane har ført til endringar i trivsel for pasientane eller om kvaliteten på behandlinga er endra.

Han vil heller ikkje, på grunnlag denne undersøkinga, seia noko om dei foreslåtte sjukehussamanslåingane på Vestlander kan verta lønnsame.

Men han meiner det er grunn til å rå både politikarar og helsebyråkratar til å ha nøkterne forventningar.

— På Vestlandet er det store avstandar. Høge reisekostnader vil fordyra sjukehusopphalda ved at liggjetida for pasientane vert lengre.

— På den andre sida kan det truleg sparast på framtidige investeringar når ein slår saman sjukehus. Men i alle fall må dei kostnadsmessige gevinstane vurderast opp mot tryggleik og kvalitet på behandlingane som pasientane får, meiner han.