— Slik eg les statsbudsjettet, er det opp til fylkestinget å finna pengar til Jondalstunnelen innanfor den økonomiske ramma til riksvegar i fylket. I statsbudsjettet er det ikkje sett av summar til overgangsordning for fylkesvegar, seier Nilsen til Bergens Tidende.

Ordførar John Skogseth i Jondal er meir optimistisk.

— Eg tolkar budsjettet slik at regjeringa vil finna pengar til tunnelen utanom riksvegramma, seier Skogseth.

Skeptisk

Oddvard Nilsen vil naturleg nok ikkje ut med kva han sjølv vil gjera med saka om han vert samferdslestatsråd. Det er likevel kjent at han har vore skeptisk til overgangsordninga for fylkesvegar sidan saka kom opp i arbeidet med Nasjonal Transportplan i vinter.

Fylkesvegar skal utgå som eigen post på statsbudsjettet. Men så vart det fleirtal for ei overgangsordning med statlege midlar til tre-fire store fylkesvegprosjekt, utan at nokon særskilde vart nemnde. Men Jondalstunnelen peika seg ut med ei kostnadsramme på over 300 millionar kroner.

Spetakkel

På junitinget vedtok Hordaland fylkesting å utsetja handsaminga av fylkesvegplanen for Hordaland tinget i desember. Då, tenkte dei, ville Stortinget ha fastsett dei statlege midlane til overgangsordninga for fylkesvegar. Summen dei venta frå staten var 50 millionar kroner. Når det no ser ut til at ingen pengar kjem, får fylket eit problem. Alt før sommaren var det spetakkel då fylkestinget omprioriterte 125 millionar kroner frå riksvegramma for å gje til Hardangerbrua.

— Vi kan ikkje ta ein slik runde til. Kvar skulle vi ta pengane frå? Frå Halsnøysambandet? Nei, det går ikkje, seier Arne Jakobsen frå Ap.

Mange gode prosjekt

I dag kjem fylkestinget saman att for fyrste gong sidan junitinget. Det er grunn til å tru at Jondalstunnelen vert samtaletema.

Oddvard Nilsen minner om at to andre fylke, Møre og Romsdal og Nordland, har omprioritert til overgangsordninga for fylkesvegar innanfor riksvegramma.

— Meiner du at fylkestinget i Hordaland ikkje har prioritert Jondalstunnelen på rette måten?

— Nei, men dette syner at Hordaland har eit kjempeproblem. Her er så mange gode vegprosjekt å velja mellom, seier Oddvard Nilsen.