OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

Styreklareringa har lege i korta i fleire månader. Men den formelle godkjenninga har late venta på seg, mellom anna på grunn av toppleiarskiftet i Alcan. Kvar sin halvdel Alcan og Norsk Hydro eig kvar sin halvdel av Søral i Kvinnherad. Bill Blundell har inntil vidare teke plassen til Jaques Bougie på toppen av det kanadiske gigantkonsernet. Utvidinga inneber ei lenging av elektrolysehallane med 210 meter for å gje plass til i alt 80 nye omnar. Store oppdrag Om— og påbygginga dei neste 18 månadane gir store oppdrag blant anna til dei lokale verksemdene Byggekompaniet, W. Engelsen og Husnes Mek. og Rør.Vegar og transportband for oksid skal leggjast om, eit nytt tørreinseanlegg skal monterast, likerettarar og transformatorar skal utvidast.Søral starta produksjonen i 1965 med ein kapasitet på 60.000 årstonn råaluminium. I dag er bedrifta god for 130.000 tonn, om lag halvparten av kapasiteten ved landets største aluminiumverk, Hydro Aluminium på Karmøy. Auka produksjon Etter utvidinga kjem produksjonen på Husnes opp i 160.000 tonn aluminium i året.Utvidinga av produksjonen er ikkje venta å auka den faste sysselsetjinga på 420 personar.