Av Tore Bergum,

Miljøpartiet dei Grøne i Hordaland

Vi ber om veg og tunnel for å koma kjappare ut og fram, og det får vi. I neste omgang må vi nettopp til «naboen» for å finna kommunehuset, ikkje berre for kino og laurdagshandel. Også i småkommunen er det nok pengar å spara utan større ramaskrik. Men det finst ei grense. Ålesund er nytta som døme på ein kommune som har følgd alle råd om effektivisering til punkt og prikke: Modernisert, samarbeidd og fintrimma drifta i fleire år. Det er jo berre rimeleg. Privatisert har dei òg. Likevel held det ikkje. Neste år står kutt i skule og eldreomsorg for tur.

Ordførarane fortvilar, unnateke Terje Søviknes (Frp). Han er ærleg han, og seier som kommunalminister Erna Solberg: Det er jo slik dei vil ha det. Gjennom medvite «svelteforing» skal kommunane pressast til modernisering, som for dei betyr både samanslåingar og privatisering. Samtidig gir dei oss skattelette, slik at vi etter kvart skal kunna kjøpa private skule— og helsetenester. Det er jo det Høgre/Frp vil ha. Heilt kurant. Dei som sit med mjøl i kjeften må vera alle ordførarane som no klagar på sine eigne i og rundt regjeringa. Og veljarane. Trugar med å stemma Senterpartiet neste gong! Kjenner dei ikkje partiet sitt? Høgre har ikkje brote nokon valløfte.

Den store veljarmassen er ikkje grei. Dei vil gjerne ha både skattelette og offentleg velferd. Meir av begge. Sentrale politikarar forstår at dette ikkje går i hop, sjølv om ein ikkje alltid høyrer det på dei. Erna og Terje er ærlege dei, og seier det rett ut. Dei har teke standpunkt, dei har valt: Skattelette. Velferd skal ordnast på anna vis enn under kommunane.

Kva med oljefondet då? spør veljarmassen. Tek vi det i bruk kan vi jo sleppa skatt i årevis framover, og likevel velta oss i både privat og offentleg overflod? For ein gongs skyld trur eg greitt vi kan høyra på Stoltenberg og Foss: Eit land i frihandel med omverda kan ikkje berre dumpa 100 milliardar inn i økonomien sin utan å rasera han. Løn, skatt, pris, kurs, rente, inflasjon og sysselsetting heng saman, og ingen politikar kan tukla med det eine utan å endra det andre. Under dette regimet riktignok (jada, folket har valt oss inn i både EØS, WTO og OECD). Eit anna poeng er jo at oljefondet stinkar av landminer og global oppvarming, men det er vel litt på sida av kva velgarmassen er opptekne av.

Økonomien er nøkkel til alle sektorar, men i dag er han ikkje særleg mottakeleg for politisk styring. Vi har over 20 år gradvis sleppt taket, på godt og vondt. Dei som har ropa høgast mot offentleg detaljstyring og for personleg valfridom, mykje med rette, har visst mista både ungen og badevatnet. Den blå fridomen har neppe gitt meir makt til deg og oss, med mindre vi står vaksne, friske og handlekraftige bak disken med full pengebok. Makta er derimot overført frå Storting til regjering, frå regjering til byråkrati, frå norsk byråkrati til EU-byråkrati, og frå all verdas byråkrati til dei store selskapa. Slik konkluderer både ATTAC og den offentlege Makt- og demokratiutredninga. Er det rart folk ser lite meining i LOKALvalet?

Likevel dreier dette seg om dei politiske vala vi stadig tek og har teke i årevis, anten vi engasjerer oss eller ikkje: Privat overflod eller offentleg velferd? Effektivt pengevelde eller sidrompa demokrati? Blå eller GRØN FRIDOM?