Vi høyrer dagleg om menneske med store hjelpebehov som er blitt kasteballar mellom kommunale kontor fordi ingen meiner at saka fell inn under deira arbeidsfelt. Frå nyttår håpar eg at fleire menneske med sosiale problem merkar at noko er endra. Dei får då rett til ein eigen plan over kva som skal skje i tida framover, til kva tidspunkt og kven som har ansvaret. Denne planen skal føre til ei betre oppfølging av kvar enkelt.

Bak mange kompliserte saker som involverer mange velferdskontor, gøymer det seg mange tragiske menneskelagnader. Menneske som ikkje føler at dei kjem vidare og som føler seg vilkårleg og likesælt behandla. Dette heng heldigvis ofte saman med misforståingar eller at det ikkje er blitt informert nok. Fordi det handlar om menneske skal ein trø varsamt. KrF meiner at eit menneske aldri kan bli ei sak i rekkja av mange andre saker! At ein vert tatt på alvor meiner vi er avgjerande for å løyse sosiale problem, og for at nokon skal bli sjølvhjelpne att.

Både funksjonshemma, psykisk utviklingshemma, menneske med psykiske lidingar og rusmiddelproblem lid ofte under manglande samarbeid og samordning. Ein individuell plan inneber både rettar og plikter for brukaren og skal føre til at brukaren får større innverknad på det som skjer. Får du og eg større innverknad, føler vi også at vi meistrar meir. Det same håpar vi vil vere ein positiv biverknad av å få sin eigen plan. Meistring er ein viktig faktor for å få ein skakkjørt sjølvtillit på beina igjen. Å få trua tilbake på at livet kan vere annleis gjev håp om eit liv om å bli kvitt rusen, om å bli friskare og om å leve eit godt liv. Og det håpet kan begynne nettopp med ein plan og fleire partar samla rundt eit bord.

PER STEINAR OSMUNDNES (KRF)