Det har ikkje skjedd. Men vi har måtta føreta omdisponeringar innan budsjettramma for opplæring. Talet på lærlingar har auka meir enn venta det siste året, og dermed er det trong for meir midlar til lærlingtilskot. Desse auka lærlingkostnadene må dekkast innan opplæringsbudsjettet si totalramme.

Omdisponeringa på 10 mill. kr skjer ved at dei vidaregåande skulane må setja i verk kutt tilsvarande 0,87 % av tildelte lønsmidlar for i år. Innsparinga kan gjerast på alle postar. Kvar einskild skule står som vanleg fritt til å gjennomføra innsparinga slik det høver best for skulen. Eg har registrert at enkelte skular har meldt at dei så langt råd er vil skjerma vikartimar og freista ta mest mogleg av innsparinga på forbrukspostar.

I BT sin artikkel heiter det: «Mens samtlige politikere sier de vil satse på skolen, er virkeligheten i skolen helt annerledes.» Eg finn i denne samanheng grunn til å minna om at då fylkestinget i desember i fjor vedtok årets fylkesbudsjett, vart opplæringsbudsjettet prioritert. Alle andre sektorar måtte tola kutt i budsjett eller aktivitetsnivå.

PAUL M. NILSEN FYLKESRÅDMANN