OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bergens-tidende.noStordDerfor drog 10.000-tonnaren "Lodbrog" denne veka frå Stord til det polske verftet Remontowa i Gdansk. Der skal det tidlegare DDR-lasteskipet og søsterfartøyet "Prerow" byggjast om til kabelleggingsskip for den franskeigde telefonigiganten Alcatel.20 verft verda over blei inviterte til å melda si interesse for oppdraga. Blant dei tre norske som melde seg, var etter det Bergens Tidende kjenner til Westcon i Ølen og Mjellem-Karlsen i Bergen. Begge trekte seg undervegs i prosessen. Skipskonsulentfirmaet Vik-Sandvik AS i Fitjar har prosjektert dei omfattande ombyggingane av "Lodbrog" og "Prerow". Legging og reparasjon av fiberoptiske kablar er ein raskt veksande shippingaktivitet der Fitjar-selskapet har innteke ei internasjonalt leiande rolle innan prosjektering.I det siste har Vik-Sandvik blant anna prosjektert eit nytt kabelleggingsfartøy for det italienske reiarlaget Elettra TLC. Skipet skal byggjast ved eit italiensk verft for levering i februar 2002. Johannes Syltevik er Vik-Sandvik sin prosjektleiar for ombyggingane av "Lodbrog" og "Prerow". Førstnemnte fartøy har lege ved kai på Leirvik sidan midten av november, slik at konsulentfirmaet har kunna saumfara roll on — roll off-lasteskipet grundig.Syltevik fortel at fartøya skal få nytt overbygg, ny bru, ny innreiing og auka lugarkapasitet for 60 personar, nye sidepropellar og hjelpemaskinar, ny hangar over hovuddekk, og nytt kabel- og miniubåtutstyr. I tillegg skal båtane utvidast for å auka stabiliteten.Begge båtane skal vera ferdige i løppet av sommaren i år.