I så fall vert dagens tre — eller fire, om ein vil – fylke ståande slik dei er med eigne, folkevalde fylkesting som i dag. Men det vert oppretta eit «superutval», eller Vestlands-råd, som leiar og samordnar saker av felles interesse, og som representerer medlemsfylka utetter, til dømes overfor sentralmakta i Oslo.

Dette rådet kan til dømes vera samansett av fylkesordførarane og tre til fem medlemer frå kvart fylkesutval, går det fram av den såkalla Vestlandsutgreiinga som vart framlagt for eit par veker sidan.

— Dette ligg svært nær opptil ein modell som vi arbeidde oss fram til i Hordaland Arbeidarparti for nokre få år sidan, seier fylkesordførar Gisle Handeland til Bergens Tidende.

Handeland vedgår at han sjølv og partiet hellar mest i mot ei samanslåing til eitt vestlandsk storfylke, og gjerne med fire medlemer.

Saman mot Oslo

Det vart ikkje noko avrøysting om framtidig samarbeidsmodell då fylkesutvala frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane møttest på Scandic Hotel på Kokstad i går. Det var heller ikkje meininga. Men på to- og tremannshand var det likevel mogleg å få eit inntrykk av stemninga.

— Landsdelsmodellen, svarar Tom Christer Nilsen frå Høgre i Hordaland når BT spør kva han går inn for. - Eller landsdelsutvalsmodellen, slik dei ser ut til å gå inn for i Nord-Noreg. Vi er primært for å avvikla fylkeskommunen, men når det ikkje går, ser vi i alle fall ikkje kva det er å vinna på ei samanslåing til eit storfylke. Det viktige for oss i vest, er at vi kan stå saman mot Oslo når det trengst. Landsdelsmodellen, med fylkesstruktur som i dag og eit samarbeidsråd utgått frå dei tre fylkestinga, kan vera ei grei løysing, seier Tom Christer Nilsen

Redd sentralisering

— Vi går òg primært inn for landsdelsmodellen. Eit storfylke vil føra til altfor mykje sentralisering. Det er viktig at det folkevalde nivået er så nær veljarane som råd, seier Atle Mildestveit frå Venstre.

— I KrF er vi på nippet til å velja storfylke, men landsdelsmodellen kan òg vera aktuell for oss, seier fylkesvaraordførar Toril Selsvold Nyborg.

Fylkesordførar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane har og mest sans for landsdelsmodellen. SVs Bjørn Lothe meiner òg denne modellen er den beste. Framstegspartiet skil seg ut ved at dei berre vil avvikla fylkeskommunen.

Møre og Romsdal invitert

Dei tre fylkesutvala vart i går samde om å be Møre og Romsdal om ei fråsegn til prosessen mot eit nærare vestlandssamarbeid, og ta stilling til deltaking i den vidare prosessen. Alle fylkesordførarane, men mest Nils R. Sandal, ivra for at Møre og Romsdal må slå lag med resten av Vestlandet.

Framover vinteren og våren skal kommunar, næringsorganisasjonar, dei store byane og andre samarbeidspartnarar få høve til å uttala seg om Vestlandsutgreiinga, som ligg til grunn for den prosessen som no er i gang. I juni skal fylkestinga i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vedta kva slags samarbeidsmodell det skal arbeidast vidare med.

— I forkant av dette vil fylkesutvala koma saman og leggja føringar, slik at dei tre fylkestinga kan koma fram til eit mest mogleg likelydande vedtak, seier Gisle Handeland.

SAMAN MOT OSLO: Dei tre fylkesordførarane Roald G. Bergsaker, Rogaland, Gisle Handeland, Hordaland, og Nils R. Sandal, Sogn og Fjordane, er samde om at Vestlandet må stå saman mot sentralmakta i Oslo, men dei er litt delte i synet på korleis det kan gjerast på beste måten.
FOTO: ARNE NILSEN