PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noOg på isen gjekk det som det måtte gå, nøyaktig etter oppskrifta frå Disney-klassikaren. Hjortekalven kom heldigvis frå det utan beinbrot, og er sikkert glad for at snøen no ligg tjukk på det isdekte vatnet nedanfor garden Vatne i Naustdal kommune. Litt av eit syn Magna Larsen møter oss ute på tunet, flankert av to gardshundar og ein hjortekalv. Hjorten let seg ikkje affisere av at det kjem framandfolk til gards, og er mest oppteken av å komme seg inn til dei to melkeflaskene som ventar inne i vaskerommet.Dermed togar følgjet over tunet og inn i våningshuset, ei dame, to bikkjer — og ein hjort.- Dette er eit heilt daglegdags syn her hjå meg, forsikrar 72-årige Magna. - Du skulle heller sett nede på vegen her ein dag, då barnebarnet mitt skulle ein tur på mopeden. Då halsa bikkjene og hjorten etter mopeden bortover vegen. Det var litt av eit syn! Klauvar mot linoleum På vegen oppdagar matmor at Bambi har vore rampete, velta ein sykkel og gnagd på registreringsskiltet på mopeden.- Næmen Bambi da, kva har du gjort her, liksom-skjenner Magna på kjæledeggen medan ho ordnar opp i rotet.Vel inne i huset, etter å ha sutta i seg begge mjølkeflaskene på rekordtid, er det klart for ein ekstra godbit. Magna opnar kjøkkendøra, og Bambi strenar inn med vante klauvar på den glatte linoleumen.Ved kjøkkenbordet vankar det ferske brødskiver, som Bambi gumlar i seg med stort velbehag.- Ho får jo mest siloftr ute i sauefjøset, og så tar ho litt av det som finst rundt huset.- Når du blir større kjem du til å ete reint alt vi har, gjer du ikkje, Bambi, seier ho og rufsar dyret på halsen. Bambi legg øyrene framover og ser på henne med store, brune hjorteauge. Til Svanøy? Det var midt i juni i fjor at Bambi vart funnen, nyfødd og sterkt forkommen i ei veggrøft eit stykke unna garden. Det er klart at den hjelpelause hjortekalven hadde lege der nokre dagar, og at mora var vekk.- Eg tok henne inn og la henne på badegolvet. Der fekk ho varmen i seg, og etterkvart byrja ho å spise, fortel Magna. - Sidan er ho blitt både ein kjæledegge og ein god ven. Men no byrjar ho å bli stor, klatrar oppetter både barn og vaksne, så det spørs kor lenge eg kan ha henne.Og det som truleg blir redninga for Bambi er ikkje langt unna. På øya Svanøy i Førdefjorden ligg Norsk Hjortesenter, der Bambi kan få godt og fagmessig stell som vaksen tamhjort. Men i mellomtida blir det mykje kos og spesialsørvis hjå matmor på Vatne. Og god varme blant sauene i fjøsen.Du kan også sjå Bambi og Magna i eit innslag på NRK 1s Norge rundt i kveld.

HAR BAMBI I KOSTEN: Hjortekalven Bambi vegrar seg ikkje for å gå inn i huset til matmor Magna Larsen. Mjølk går ned på høgkant. Ferske brødskiver er også godt.