I dag er det geografiske omsyn, og ikkje naudsynt elevane sine eigne ynskje, som bestemmer kva for ein skule ein skal gå på. Når Unge Venstre difor går ut og kritiserer det eksisterande inntakssystemet til fordel for fritt skuleval, så er det fordi vi meiner at den einskilde elev sjølv må få bestemme kor han eller ho skal studere. Fritt skuleval handlar ikkje om, slik Christensen skriv, å «flytte rundt på elevar», men å gje elevane meir valfridom i val av sin «arbeidsplass».

Unge Venstre sitt positive syn på fritt skuleval vil likevel ikkje seie at vi er mindre oppteken av den generelle tilstanden til den vidaregåande skulen. Kvar Christensen finn den koplinga skulle eg gjerne ha visst. For oss er fritt skuleval ein av mange viktige ting som vi meiner vil ha positiv effekt i den vidaregåande skulen.

Sjølvsagd er eg samd med Christensen om at det må meir pengar til. Ikkje minst til oppussing og vedlikehald av skulebygg. I dag er det altfor mykje undervisning som går føre seg under forhold som ingen i arbeidslivet hadde akseptert. Unge Venstre meiner difor at ein må få på plass ein eigen læringsmiljølov som sikrar elevar og lærarar skikkelege arbeidsforhold.

«Slepp skulane fri!» Det har lenge vore eit slagord i Unge Venstre. Vi vil at skular skal få moglegheit til å bli temaskular, noko som m.a. inneber at kvar einskild skule spesialiserer seg og får ekstra kompetanse på bestemte område. Dette vil gje elevane meir mangfald og betre kvalitet. Samstundes vil vi la elevane og lærarane få bestemme meir over eigen skulekvardag med å gje dei fridom til å ta i bruk nye undervisnings— og arbeidsformer. Vi trur ein kombinasjon av fridom og mangfald, i tillegg til at ein må kunne ta i bruk andre vurderingsformer enn talkarakterar, vil hindre at det oppstår såkalla A- og B-skular.

Christensen har heilt rett i at utfordringane i den vidaregåande skulen må takast på alvor. Spørsmålet mitt blir då om Arbeidarpartiet fyrst har funne det ut etter at dei kom i opposisjon, eller om dei rett og slett forsømte oppgåva då dei sjølv sat med regjeringsmakta. Det viktigaste no er å finne løysingar som best tek vare på ynskja til mangfaldet av elevar i den vidaregåande skulen, og som får fram det beste i kvar einskild elev. Til å løyse denne oppgåva er nok ikkje Arbeidarpartiet det rette partiet. Dei er altfor oppteken av dei kollektive løysingane. På den måten blir alle litt taparar. Spanande er det difor å sjå kva Samarbeidsregjeringa får til. I oktober skal ho leggje fram sitt fyrste sjølvkomponerte statsbudsjett, så Christensen og Arbeidarpartiet gjer nok lurt i å smørje seg med litt meir tolmod før dei klagar over manglande løyvingar og lovnadsbrot.

Av Lars-Henrik Michelsen,

politisk nestleiar

i Hordaland Unge Venstre