I pågåande reforhandlingar av EØS-avtalen vert det kravd avgift av Norge som om vi skulle vera fullverdig medlem av EU. Det er urimeleg at Norge skal betala fire milliardar kroner for ein ny EØS-avtale. Vi har i dag frihandelsavtalar med dei fleste av dei ti nye medlemslanda som no vert innlemma i EU. Norge har allereie tilgang til deira marknader og dette fungerer til fordel for begge partar. Særleg har eksport av fisk vore stor. Det er urimeleg og uakseptabelt at EU no skal krevja ei ublu betaling for at vi skal kunna fortsetje ein handel vi allereie har.

KrF i Hordaland stiller seg uforståande til at EU slik underkjenner eksisterande frihandel og krev urimeleg høg kontingent. EU-landa sjølve aukar ikkje eigen kontingent.

Norge har gjeve tilbod om ein milliard kroner i reforhandlingane av EØS-avtalen. Dette bør EU akseptera. Vert prisen for EØS-medlemskap for dyr, må heile ordninga evaluerast og takast opp på nytt til brei politisk handsaming.

TORILL S. NYBORG,

FYLKESLEIAR KRF