Her harselerer Jespersen over eit antatt medikamentbruk, mellom anna.

Spørsmål blir reist om dette er utidig mobbing av statsminister Bondevik, eller om dette er noko han må tåla.

Bondevik tåler sikkert dette.

Dei som tåler det mindre, og som blir skada av Jespersen sitt ordgyteri, er alle dei som slit med psykiske problem, og som treng medisin for å klara kvardagen. Det er dei som blir ramma, uansett kven Jespersen namngir.

Kjell Magne Bondevik og andre fortener honnør for å stå ope fram og alminneleggjera psykiske nedturar. Det trengst i ei tid då diverse populistiske media yndar å stigmatisera alt som avvik frå dei sjølve.

Britha Vindenes