TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Det er også mistanke om at det frykta lakseviruset har slått til i ein anna anlegge i same kommune.

Overfor avisa Firda karakteriserer distriktsveterinær Trond Arild Henriksen utbrotet som alvorleg. Dette er sjette ILA-utbrotet på like mange år i Gulen.

Det var fredag det vart teke prøver av daud fisk i anlegget til Rolf Olsen Havbruk på Segløy fire kilometer vest for Eivindvik. Det vart gjort etter at oppdrettaren i dagane før hadde observert meir daud fisk enn vanleg i merdane. Førebels resultat av prøvene viser klart at det er ILA.

Distriktsveterinær Henriksen fryktar viruset kan ha spreidd seg til eit anna annleg Rolf Olsen Havbruk har i same kommune, ved Ånnelandsundet/Mjømnaholmane. Det er teke prøver der også, men resultatet er ikkje klårt enno.

Rolf Olsen Havbruk som før heitte Gulen Fiskeoppdrett, har fem konsesjonar i Gulen.