Eg mista min morfar for eit år sidan, så eg veit korleis det er. Sorg er ikkje noko ein ynskjer å oppleve, men er dessverre noko dei fleste får oppleve. Sorg kan vere veldig ulik, det kan vere alt frå å miste ein oldemor til ein undulat, eller kjærleikssorg, men det gjer likevel vondt.

Når vi er lei oss, blir vi ofte sint og sur for dei fleste ting.

Og ofte går det utover andre. Vi gråter og sørgjer. Ein kan ha klump i magen og ha lett for å gråte. Det er det som kjenneteikner sorg. Når ein ikkje har det bra og sørgjer, kan det vere godt å snakke med ein vaksen eller ein ven.

Det er godt å få snakke ut om alle tankane ein har. Då eg mista min morfar, snakka eg mykje om tankane mine.

Ein kan òg lære noko om sorg. Ein kan lære å takle sorg seinare og lære å komme seg gjennom den. Ein kan òg hjelpe andre i same situasjon.

Det eg har lært av å oppleve sorg, er at livet går vidare. Uansett om eg gråter og sørgjer, kan eg bli glad igjen.

Eg håper dette eg har skrevet kan komme til nytte ein gong, og at kanskje det har lært deg noko. Eg kjenner følelsen, og eg vil prøve så godt eg kan å hjelpe andre gjennom same situasjon.

MONICA HAUGLAND, 12 ÅR,SAMDAL SKULE