PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bergens-tidende.no

Den 69 år gamle bonden må no sone 30 dagars fengsel for den vedvarande vanskjøtselen av dy-ra sine. Mannen, som også tid-legare er dømt for brot på dyre-vernlova, vart også for all framtid frådømt retten til å halde dyr.

Umeldt besøk Den 22. mai i fjor kom den kommunale dyrevernsnemnda på umeldt besøk til Nordfjord-bonden. I sauefjøset fann dei mengder med sauekadaver, me-dan ein del utmagra sauer gjekk som gjenlevande omkring blant dei døde.

Tilsaman 18 sauekadaver vart talt opp, og mange av dei hadde openberrt lege slik i fleire må-nader. Dei vaksne dyra som framleis var i live var også pre-ga av vanskjøtsel og hadde framleis vinterull.

I eit par båsar gjekk også to utmagra søyer med lam.

I retten forklara bonden at han oppdaga dei første døde dyra rundt årsskiftet 1999-2000, men at han på grunn av dårleg rygg og vanskeleg tilkomst med traktor ikkje fekk fjerna kadave-ra.

Hadde ikkje råd Dette førte til at døde sauer vart liggande å rotne i bingar der det gjekk levande dyr.

Bonden forklara vidare at han ikkje hadde råd til å kjøpe for i anna enn små parti, og han er-kjente at dyra ikkje vart godt nok fora. Men han nekta for at dødsårsaka var underforing, men meinte at dyra døydde av sjukdom. Men på grunn av den dårlege økonomien varsla han heller ikkje veterinæren om det som skjedde.

Og Nordfjord heradsrett legg til grunn forklaringa frå den sa-me veterinæren, og retten konk-kluderer med at dyra hovudsak-leg svalt ihel.

”Heilt absurd” I sitt vitnemål meinte veterinæ-ren dessutan at det var heilt ab-surd å lat kreperte dyr bli lig-gande i bingen saman med dei levande.

Retten meiner at underforinga særleg ramma søyene som gjekk med lam, og peikar også på det uforsvarlege i å ikkje fjerne ka-davera. Retten er heller ikkje i tvil om at dyra mtte jennomgå ein periode med sjukdom og li-ding før dei døydde. 69-åringen var vitne til dette utan å varsle korkje dyrlege eller naboar.

Ifølgje dommen er dette eit til-felle av vedvarande vanstell som påførte dyra store lidingar, noko bonden lett kunne avverga.

Ryggproblema og dei økono-miske vanskane vart ikkje tillagt vekt under straffeutmålinga.