debattAv Aksel Kloster

Det eine ordet tok det andre. Tidlegare ordførar Torgils Jåstad frå vestsida av Sørfjorden gjekk lengst. Han bar fram ein tordentale med brodd mot grannekommunane, der særleg Kvinnherad fekk passet sitt påskrive. Han sa like fram at «... eg kan ikkje tenkja meg å dela seng med kvinnheringane ...».

Me kvinnheringar kan ikkje ha noko å seia på at dei frå Ullensvang ytrar seg kritisk til oss. Men me har berre godt å seia om Ullensvang herad og folket i denne vakre kommunen. Me føler me har eit godt kulturelt og sosialt samkvem — og gode mellommenneskelege relasjonar.

Sjølv om dei frå Ullensvang ikkje vil dela seng med oss, er det fleire av Kvinnherad sine beste menn som deler seng med gilde kvinner frå Ullensvang. Dette gjeld mellom anna Knut Hass, Ivar Seim, Svein Hjelmeland, Kjell O. Nygård og Harald Hjønnevåg. Dessutan deler Astrid Skaaluren Måkestad seng med ein gild mann frå Ullensvang.

Det er ei gleda for oss å kunna slå fast at desse ekteskapa er nokre av dei beste me har her i kommunen. Det er langt frå Halsnøy til Kinsarvik, men det er ikkje lengre enn at Grethe Tofte frå Toftevågen er godt gift der inne. Etter det me høyrer, ligg ho framleis i dobbeltseng med den godlynte hardingen sin.

Syskinbarnet vårt, kvinnheringen Anders Jacobsen (seinare Kvalnes), gifte seg for ein knapp mannsalder sidan til ein av dei største fruktgardane i Ullensvang. Dotter hans, Gjøa Kvalnes, gifte seg seinare til Kvinnherad. No høyrer me at neste slektsledd har funne elskhug til ei jente inne i fjorden.

Me har hatt gleda av å bla gjennom kyrkjebøkene i Kvinnherad den siste tida, og me er blitt merksame på at det er uendeleg mange blodsband mellom kvinnheringar og folk frå Ullensvang. Frå tidlegare tider var det fjorden og kløvjestiar over fjellet som førde folk frå desse bygdane saman. Det handlar vel gjerne litt om etnisk likskap også.

Me trur at tidlegare ordførar Torgils Jåstad hadde ordlagt seg litt annleis under det famøse heradstyremøte dersom han hadde hatt større kunnskap om dei kulturelle og sosiale banda som gjennom mange generasjonar har bygd på seg mellom desse to kommunane. Dersom han hadde hatt større kunnskap om Kvinnherad, ville han mellom anna visst at det knapt finst stautare, vakrare og meir arbeidsame kvinner enn våre. Dette gjeld både våre gifte og ugifte kvinner.

Me skal vel ikkje kunna venta altfor mykje av Torgils Jåstad. Han er trass alt berre ein enkel småbrukar frå vestsida av Sørfjorden, som berre har lokallaga til bondepartiet og småbrukarlaget som intellektuell og ideologisk basis. Men til våren vil me invitera gamleordføraren i Ullensvang på vitjing. Kanskje han etter ei slik vitjing lettare vil leggja seg i seng med oss kvinnheringar?