Men er det ikkje nettopp ekstrem terrorisme Vladimir Putin har stått i spissen for i lang tid? Med terrorbombing i stor skala i Tsjetsjenia, slik at hovudstaden og mange andre byar og tettstader ligg i grus, og landet snart er folketomt? Lidingane til det tsjetsjenske folket er ufattelege. Om deira lidingar skulle jamførast med det som har skjedd i USA, måtte 10 millionar menneske ha rømt ut frå New York og levd i usle teltleirar, med sjukdomar og kulde, og med mangel på mat, vatn og hygiene. Difor meiner eg at Putin burde retta søkeljoset mot sin eigen terror.

TRYGVE REFSDAL, VOSS