Journalistar og fotografar frå berømte fjernsynskanalar i utlandet kjem til Norge for å lage reportasjar om han. Og intervjuar han med norsk bakgrunn.

Han har alt.

Vi burde ha elska han.

Hadde det berre ikkje vore for at han kanskje er terrorist.

VI SLIT LITT med kva vi skal meine om denne mulla Krekar. Vi nordmenn har vanlegvis ingen problem med å vite kva vi skal meine om berømte, blide utlendingar som liker seg hos oss. Og vi har ingen problem å vite kva vi skal meine om folk som blir skulda for terrorisme.

Det er kombinasjonen som er litt uvant.

Når Bush brukar Krekar som eksempel på at Saddam Hussein støttar terrorisme, så sitt mange nordmenn der framfor tv-en med motstridande kjensler. Vi synest det vi høyrer er skremmande på ein eller annan måte. Likevel er det ikkje til å nekte for at ein eller annan plass inni oss, så kjenner vi oss litt stolte også. Eg meiner, det er trass i alt sjølvaste presidenten i USA som snakkar om ein hovudfiende, og han bur i Norge. I Norge. I Norge!! Kva enn det er denne saka elles handlar om, så er det ikkje til å kome frå at ein av verdas mest berømte menn står på internasjonalt fjernsyn og snakkar om Norge.

EG ER SIKKER på at også ein og annan USA-venn kjenner at det rykker litt i ei slik stund. Kjenner at dette blir litt vanskeleg. Det skal mykje, veldig mykje, til før ein god nordmann totalt avviser ein berømt utlending som liker seg i landet vårt. Eg er sikker på at også ein og annan USA-venn i einerom let nasjonalkjensla ta overhand denne eine gongen, og ropte mot skjermen, dirrande av nasjonalstolt harme: «Søren heller, Bush. Mulla Krekar er kanskje terrorist, men han er i alle fall vår terrorist.»

Du kan sjå det i nyheitssendingane på tv også. Ankerkvinnene og ankermennene prøver å halde ein nøytral tone, men dei veks ein ørliten centimeter når dei seier at «reporterar og kamerateam frå heile verda var i Oslo i dag for å intervjue mulla Krekar,» og du ser at dei tenker at «ein dag får kanskje eg intervjue han, og då blir eg sitert på CNN.»

DEI PRØVER å seie «Oslo» på same måten som dei ville sagt «Stockholm» eller «Paris» eller «Madrid». Men du ser på dei at dersom Krekars advokat kjem og bankar på døra og spør om å få rydda ein halvtime til eit eksklusivt intervju, så vil alt anna bli lagt til side og kanalens beste folk bli henta inn.

Det blir med eitt vanskeleg når nokon som passar inn i dårlege opptak av våpentrening i Nord-Irak også passar inn i Nitimen.

Er det rart folk vil ha han ut?

Dette er veldig forvirrande.