JAN STEDJEjan.stedje@bt.no Etter inspeksjon av ulukkessjakta ved kraftanlegget Tyin slår Arbeidstilsynet fast at luka som skal sikre mot fall ned i den 27 meter djupe sjakta, sto åpen. Ifølgje Arbeidstilsynet var det heller ikkje sett opp rekkverk rundt den farlege sjakta, som dermed heilt mangla fallsikring. Da trebarnsfaren mista fotfestet, sklei han mot opningen og fall 27 meter mot steingolvet i sjakta. I tillegg var det, ifølgje Arbeidstilsynet, også svært mørkt i gangen inn til sjakta. Kombinasjonen dårleg sikt og manglande sikring er høgst truleg årsak til ulukka i Årdalsfjellet.— Hydro Energi har rutinar for internkontroll. Dei er godt dokumenterte, men ikkje godt nok følgt opp. Det er ikkje det som står nedskrive av sikringstiltak i ein perm som er viktig. Det viktige er kva som faktisk skjer ute på arbeidsplassen seier Oddvar Mikalsen i Arbeidstilsynet til Årdal & Lærdal Avis. - Samtalar med Hydro Energi Sogn avslører at det kan vera liknande tilhøve også i andre lukesjakter. Vi krev difor raske endringar frå Hydro, seier Mikalsen.