Alt i januar kom Oljedirektoratet med kraftig kritikk mot feltoperatør Hydro for fleire brot på tryggleiksforskriftene. No føreslår statsadvokaten at oljeselskapet bør få 15 millionar kroner i bot etter påstand om svikt i ei rekkje tryggingstiltak føre løfteulukka julafta i fjor.

Rune Grønningen fekk deler av eit røyrhiv over seg og døydde momentant av skadene. Prosafe Drilling, som utførte kranoperasjonen for Hydro, er ilagt ei bot på 750.000 kroner for manglande opplæring av tisette og for manglande tryggingstiltak i samband med løfteoperasjonen.

Kranførar Knut Brakvatne (48) frå Osterøy, tilsett i Prosafe, får påtaleunnlating etter ulukka. Det vil seia at statsadvokaten meiner han kan stillast til ansvar for ulukka, men at han ikkje blir straffa dersom han i ei prøvetid på to år ikkje gjer seg skuldig i nye straffbare forhold.

Kranførar Knut Brakvatne (48) frå Osterøy, tilsett i Prosafe, får påtaleunnlating etter ulukka. Brakvatne har retta skarp kritikk mot Hydro. No får feltoperatør Hydro 15 millionar i bot forfeltoperatør Hydro for fleire brot på tryggleiksforskriftene.