Med dette slagordet ville AvgiftsPartiet prøve å lure veljaren til å tro at valet til hausten er et val mellom velferd og skatte & avgiftslette.Dei norske veljarane lot seg imidlertid ikkje lure så lett, og AP sin oppslutning har derfor nådd stadig nye bunnoteringar.Frustrasjonen og panikken innad i AP må derfor være betydeleg når leiinga i AP no går ut og tar til orde for lavere strømavgifter.Dette utspelet kjem berre vel et halvt år etter at AP og sentrumspartia vedtok å heve el-avgifta frå 8.56 til 11,3 øre per kilowattime strøm. Fremskrittspartiet som stemte imot auking av el-avgifta blei av AP den gangen nærmast framstilt som motstandarar av velferd fordi vi ikkje ønskte å auke avgiftene for folk flest.No går altså AP ut og gir Fremskrittspartiet rett i sin motstand mot auking av strømavgiftene.Det er to sentrale spørsmål som veljarane bør stille seg i samband med dette utspillet :Er utspelet frå AP truverdig, eller er dette berre eit valutspel for å lokke veljarane tilbake ?Dersom utspillet frå AP er truverdig, er då innbyggjarane i Norge tent med å bli styrt av et slikt ”vingle-parti” som ikkje eingong ser dei kortsiktige konsekvensane av eigen politikk ?Eg gir ikkje svaret, i motsetning til Arbeiderpartiet trur nemleg Fremskrittspartiet at veljarane kan tenke sjølv.GJERMUND HAGESÆTER2. STORTINGSKANDIDAT HORDALAND FRP