SIREN SUNDLAND

Eg bur i Arna, eg er ein NSB-gissel. Heile livet har eg reist med toget frå Arna til Bergen. Innimellom har eg reist med undergrunnen i London og New York og klart meg rimeleg bra. Det var altså på strekninga mellom Arna og Bergen at det skulle skjere seg fullstendig.

Eg hadde vore på jobb og kom trampande inn på jernbaneperrongen i Bergen. Der traff eg ei dame eg ikkje hadde sett på lenge, og vi gjekk saman inn på toget. Dama er ei veldig spanande dame, så eg prata engasjert med henne og ana fred og ingen fare heilt til vi nesten var framme i Arna. Plutseleg dukka det opp ein uniformert vaktmann som stirra taust på meg. Der og då gjekk det opp for meg at eg sat i feil vogn. Ho eg sat saman med hadde månadskort, og sat rett. Eg hadde berre dilta etter henne, og sat der med min skarve tur-retur i vogna for månadskort. Eg ba vaktmannen fint om orsak for at eg hadde gått feil. Han svarte ikkje, berre nagla meg med blikket enno ei stund, før han seig vidare fram i kupeen. Diskusjonen med dama fortsette, og eg ana på ny fred og mindre fare. Brått sto han over meg att, den tause mørkkledde. Med låg og bydande stemme fekk eg ordre om å følgje med han. Det var ei ut-av-kroppen oppleving då han geleida meg gjennom eit ettermiddagstog fullt av naboar og vener. I ei tom godsvogn sto eg og sjaga i tussmørkret mens vakten ba om namn og adresse. Då toget stoppa i Arna fann eg meg sjølv med mi første bot i neven: 700 kroner for å gått inn i feil vogn

NSB har satsa tungt på merkevarebygging. Lekre konsept som Signatur, Agenda og Puls skulle føre NSB inn i framtida. Målgruppa var forretningsfolk med mykje pengar, for NSB hadde fått nok av ulønnsame husmødre, studentar og pensjonistar. No syner det seg at strategien har slått feil. Lekre namn og logoar skal fjernast, folk vert berre forvirra av slik, seier NSB til Dagsrevyen. Eg måtte le høgt då eg såg innslaget. Noko så symptomatisk! NSB legg om strategien fordi dei trur vi er forvirra. Dei har framleis ikkje skjønt det: Vi er ikkje forvirra, vi er forbanna!

Ei undersøking som MMI og Aftenposten gjennomfører viser at Tine er den merkevara nordmenn liker best, med TV 2 på ein god andreplass. Gjett kven som er den soleklare taparen? NSB, sjølvsagt. Heile 53 prosent av befolkninga har eit dårleg inntrykk av selskapet!

Alle selskap, store som små, er fascinerande opptekne av merkevarebygging. Det er ikkje grenser for kva ein logo og ein fargepalett skal kunne gjere for eit firma. Men merkevarebygging er ikkje form og farge, det er relasjon satt i system. Så enkelt, og så vanskeleg. NSB er ikkje Signatur, Agenda eller Puls. NSB er det toget, den stasjonen og dei NSB-tilsette eg møter kvar dag. Utan gode menneske, ingen god merkevare.

No skal det seiast at eg braut ein regel. Regelen om at berre dei med månadskort får sitte i månadskortvogna. Eg braut ein regel. NSB braut ein relasjon. For vi snakkar om Arna, ei lita bygd i skyggen av Ulriken. Der er det slik at om toget er så fullt at billettøren ikkje rekk fram til deg før toget stoppar, så ventar du så han kan klippe billetten. Det skulle berre mangle. Billetørane er fine folk, folk ein smiler til to gonger dagleg, fem dagar i veka. Arna er ei lita bygd. Og toget har to vogner.

«Dette er ikkje Tokyo, dette er Arna!», sa eg stille fortvila til ho som sat i billettluka då eg kom med bota for å klage. Ho ga meg eit lekkert lite kort, Ris&Ros, med delikat typografi og duse fargar. På kortet sto det ei adresse eg kunne skrive til dersom eg hadde noko å melde. Maktesløysa seig inn over meg, og kortet hadde hatt sin funksjon.

Ingen logo i verda kan forandre mine kjensler for NSB, og eg er endå til ei kvinne som veit å sette pris på ein god logo! Merkevarebygging er å forplikte seg. Når merket lovar noko som folk kan tru på, aukar risikoen. Relasjon er nemleg risiko: om du aldri held det du lovar, så vert du venelaus til slutt. Så kjøper eg bitre klippekort, og kjenner at når det berre dukkar opp eit alternativ, så skal eg dumpe NSB så det syng. Kvar dag ser eg folk sprette opp og springe som galne inn i den andre vogna. Målet med å gje folk 700 kroner i bot er at dei skal lære seg til å gå i rett vogn. Eg har lært. Eg sit i rett vogn. Og drøymer om hemn.