Det er legalt å meina kva ein vil, men som fylkespolitikarar kviler det eit ansvar om å kunna sjå heilskapen i saker som skal handsamast. At dei to Frp-ane i innlegget sitt kjem med fleire faktiske feil og synsingar, får stå for deira eiga rekning. Det som uroar meg er at folk i deira posisjonar ikkje har oppfatta at denne ruta ikkje berre dreier seg om pendlarar og skuleungdom i Kvinnherad.

Då Folgefonntunnelen vart opna sommaren 2001, fekk vi ein ny region på Folgefonnhalvøya. Odda, Kvinnherad og Jondal gjekk inn med betydelege summar og garantiar for å få realisert dette prosjektet. Då Odda miste si hurtigbåtrute til Kvam, låg det i korta at dette sambandet skulle erstattast med hurtigbåt frå Kvinnherad-Bergen.

Eit samla næringsliv i Kvinnherad har på spurnad frå kommunepolitikarane fått eit eintydig svar om at dei ynskjer ei direkterute frå Rosendal. Odda kommune har vedteke at dei ynskjer hurtigbåt frå Rosendal til Bergen. Eit samla Hardangerråd, Kvam, Ullensvang, Jondal, Odda, Eidfjord og Ulvik, har klårt gjeve uttrykk for det same. I tillegg står ei samla reiselivsnæring, som kanskje har det største vekstpotensiale i regionen vår, med Bergen og Hordaland Reiselivsråd i spissen og seier det same.

Har einskilde fylkespolitikarar lov å lukka auga for desse innspela? Eg reknar med at denne informasjonen var, og er tilgjengeleg for alle medlemene i komité for miljø. Bergen har i alle år vore «byen» for folk i dette området. Har Hordaland fylke råd til å risikera at hardingar, oddingar og kanskje ein del kvinnheringar på grunn av vegstandard og rutenett etter kvart finn det meir praktisk å venda seg mot Rogaland for å nå ein flyplass, eller få gjort sine «byærend»?

Vonar at den nye og store regionen rundt Folgefonnhalvøya vert teken med i vurderinga når saka endeleg skal avgjerast 7. mars.

RUNE HASS,

DIMMELSVIK