ARNE HOFSETH (tekst og foto) arne.hofseth@bergens-tidende.noOdda

Kristoffer Saupstad fyller 100 år i dag, og har sikra seg rett til å køyra bil også i morgon.

– Eg svinga innom Biltilsynet. Dei var like vise, men ringde Samferdsledepartementet. Det enda med at eg måtte til fotografen og ta nytt passbilete. No har eg fått nytt sertifikat i plastkortformat, fortel jubilanten til Bergens Tidende.

Det første førarkortet til den spreke hundreåringen i Odda såg heilt annleis ut. Det vart utferda i mai 1926. Til våren har han 75-årsjubileum som bilførar, utan trafikkbot, utan bulk i bilen og med superbonus på forsikringa.

– Når vi skriv ut nye førarkort, seier vi til vedkomande at no har dei førarkort til dei blir hundre år. Og så ler dei hjarteleg, seier Ane Syneve Bjugan ved Odda Veg— og Trafikkstasjon.

Det høyrest svært så usannsynleg ut at bilkøyring skal vera aktuelt i så høg alder. Men Kristoffer Saupstad innfrir alle krav til ein bilførar, og fekk nytt førarkort – gyldig for eitt år, fortel Bjugan til Bergens Tidende.

Ho stilte i Bokkotunet laurdag for å overrekka Kristoffer ei helsing frå NAF avd. Hardanger, der han er desidert eldste, aktive medlem.

På hundreårsfesten troppa også ordførar Toralv Mikkelsen opp – med ordførarkjede og fulle regaliar – for å overbringa helsing frå kong Harald.

Mikkelsen uttrykte skepsis til moderne datamaskiner og bad om orsaking på førehand dersom dei no skulle registrera han som nyfødd i år 2001 i staden for 1901.

– Då vil du om kort tid bli innkalla til spebarnskontroll, få biletbok frå biblioteket om tre år, og bli innskriven som elev ved Odda barneskole i 2007, sa ordføraren, til stor begeistring for 33 innbedne til 100-årsselskap, deriblant sonen Paul (62) med sine etterkomarar i San Diego i California.

– Kristoffer kom køyrande i eigen bil for å tinga selskapslokale, fortel Rune Gulbrandsen, som er dagleg leiar ved Bokkotunet.

Han var ikkje det minste overraska. Det er ikkje meir enn eit par år sidan Kristoffer køyrde 1700 kilometer frå Odda til barndomstraktene i Lofoten.

Bokkotunet er midt i blinken for slike samkomer, reklamerer Gulbandsen. Her dekker dei festbord, dei kan by på ein liten skarping i glaset, og ein svingom eller to for danseløver som hundreåringen Kristoffer.

Jubilanten tok i mot gjestene med glimt i augo, kjappe kommentarar, faste handtrykk og hjartelege omfamningar. Saman med yngste oldebarnet, fem og tre kvart år gamle Austin frå California, sjarmerte hundreåringen alle i senk. Ukjende ville ha sverga på at han ikkje var ein dag over 70.

Laurdag vart den tidlegare drosjesjåføren og industriarbeidaren køyrt til selskapslokalet. Bilen, ein 34 år gamal VW, står parkert utanfor husværet på Kvitavoll, som han deler med sambuar Ruth Måge (83). Han bruker bilen såpass ofte at han ikkje bryr seg med å setja han i garasjen, som ligg eit stykke unna.