ARNE HOFSETH arne.hofseth@bergens-tidende.no— Eg køyrde berre ein liten tur ut til Eitrheim, cirka fire kilometer, og heim att. Eg skulle berre visa nokre karar korleis dei skal køyra bil, seier sprekingen til Bergens Tidende.Bilistveteranen har hatt førarkort i snart 75 år, og har sikra seg nytt, no som det gamle gjekk ut på 100-årsdagen. Som 98-åring køyrde han den 34 år gamle folkevogna si like til Lofoten, der han trødde sine barnesko. Dit er det 1700 kilometer frå Odda. Etter ein heidundrande 100-årsfest på Bokkotunet laurdag, to dagar på forskot, vart det helst ei smålåten feiring på sjølve hundreårsdagen i går, i husværet til sambuar Ruth Maage (83).Gjestene frå USA har nytta høvet til å vitja slektningar i Oslo, men kjem innom Odda att før dei reiser attende til San Diego. Det er yngste sonen Paul (62) som har busett seg i California. Eldstemann, Arne (71), bur i Odda.

STØDIG SJÅFØR: Kristoffer Saupstad svinga folkevogna si lett og ledig gjennom bytrafikken i Odda på 100-årsdagen sin i går. FOTO: Itia AS/Dan-Erik Aggvin