Kvinna vitna i rettssaka i går, og fortalde at ho rett etter skriket såg fleire personar springe over gangbrua.

Kvinna hadde hatt ei vennine på besøk. Då besøket skulle gå, såg vitnet på klokka. Den var då 23.40, men kan ha vore litt meir, fordi klokka ho såg på ofte var nokre minutt for sein. Vitnet bur like ved rundkøyringa og bruene der Arve sist blei sett i live. Ifølgje tiltalen skjedde springinga over brua kl. 23.30.I retten fortalde vitnet at ho følgde venninga ut då ho skulle gå. Då dei stod ute må klokka ha vore kring 23.45.

— Vi stod ei lita stund og prata. Då høyrde vi eit forferdeleg skrik. Det kom frå andre sida av elva. Vi oppfatta det som eit naudskrik. Då eg snudde meg for å gå inn att, ser eg at nokon kjem over gangbrua. Det var i alle fall meir enn ein person, og dei sprang hakk i hel. Både skriket og springinga var uhyggeleg, fortalde kvinna.