Fleire vitne i rettssaka i Indre Sogn heradsrett har denne veka fortalt om at fleire personar skulle ta hovudtiltalte. Dette skjedde dagen etter at Arve sist blei sett i live.

Bagrunnen var at det hadde blitt kjent på Hafslo at Arve ikkje hadde komme heim att, og at hovudtiltalte hadde sprunge etter den indisk-fødde ungdomen.

Knakk nasen I går fortalde eit kvinneleg vitne i detalj om hendinga. Ho såg sjølv at Naustdal-ungdommen fekk gjennomgå om ettermiddagen laurdag 24. april.

— Dagen etter at Arve forsvan var det mange som var sinte på han, fortalde vitnet som kjenner hovudtiltalte godt, og var saman med han store deler av denne laurdagen.

Kvinna fortalde at mange personar var til stades då hovudtiltalte blei slått fleire gonger med knyttneve i fjeset av ein hafslobygding. Dette skjedde i ei av hyttene på Tang Hyttegrend på Hafslo, der mange elevar ved Luster vidaregåande skule budde. Også tiltalte hadde budd der tidlegare, og vitnet og hovudtiltalte hadde gått i lag til hyttene.

Kvinna fortalde at tiltalte sat i sofaen og blei slått av ein hafslobygding. Hovudtiltalte sette seg ikkje til motverje. Slaga var så harde at hovudtiltale fekk knekt nasen. Mannen som slo sette også kneet ned mot halsen på hovudtiltalte.- Nokon gjekk mellom og fekk gjort slutt på det. Hovudtiltalte låg då på golvet, sa vitnet som meinte han var bevisstlaus.

Like etter låste den då 17 år gamle ungdommen seg inn på badet ei stund.

Reiste vekk Det kvinnelege vitnet var også til stades då lensmannsbetjent Svein Inge Harberg avhøyrde hovudtiltalte første gong om kvelden laurdag 24. april. Han fortalde då at Arve Beheim Karlsen hadde vore frekk i kjeften. Arve hadde sprunge vekk, medan han sjølv hadde gått etter.

Forklaringa han gav denne kvelden samsvarte godt med det tiltalte fortalde i ein telefonsamtale med vitnet nokre dagar seinare. Då hadde ungdommen reist heim til Sunnfjord.

— Han sa han hadde reist fordi han ikkje følte seg trygg på Hafslo, refererte vitnet frå denne telefonsamtalen.

Ho forklarte seg også om korleis ho oppfatta hovudtiltalte.

— Eg tykte han var ein kjempegrei fyr, men det var ein del av Hafslo-ungdommen som var mot han.

Vitnet kjende også Arve Beheim Karlsen godt, og skildra forholdet mellom dei to unge mennene slik:

— Dei to likte kvarandre ikkje.