— Sannsynlegvis er det unghjort i puberteten med boblande hormonar som er ute på jordet, seier Ole Martin Vevatne i viltnemnda på Voss.

Årtidsmessig er dei langt ute på jordet. Normal paringstid for hjort er i oktober, pluss minus. Vevatne kan ikkje lova at det blir kalv av det.

— Men det hender stadig oftare at eit og anna individ har gått drektig om sommaren og kalva i jakttida om hausten, fortel han.

Siste åra har han registrert kalving praktisk talt kvar haust. Naturen kan vera lunefull. Artar som har paringstid heile året, finst snublande nær, men det er ingen grunn til å hevda at «er dette hjort, så er det gjort i fylla».

SOMMARKOS: Hjorten i Vågsbotn i Bergen har ikkje tolmod til å venta på brunsttida til hausten.<p/>FOTO: RUNE NIELSEN
Arkiv