På 1970-talet vart det gjort mykje forarbeid for å knyta Hordaland saman over fjorden. Lang tunnel, i dag kalla Jondalstunnelen, var ein viktig del av prosjektet, også den gongen. I mellomtida vart det gjort stortingsvedtak om å legga aust-vest sambandet om Filefjell. Dette sambandet er realisert, og ifølgje Vegvesenet sine internettsider, også no den raskaste vegen Bergen-Oslo.

Fakta om avstandar Oslo-Bergen om Voss (kjelde NAF veibok): Over Fagernes 522 km, over Borlaug-Gol 505 km, over Aurland-Hol 497 km og over Bruravik-Hardangervidda 481 km pluss ferje.

Hardangerbrua eller Eidfjordbrua om ein vil med tilførselsvegar og heilårsveg over Vidda, har ein samla prislapp på mellom tre og fire milliardar. Kan det vera god samfunnsøkonomi og byggja parallellvegar aust-vest, for om mogeleg å spara ein halv time?

Dette samstundes med å «valdta» kulturlandskapet langs Sørfjorden. Er det ikkje handelshøgskule i Bergen med fagkompetanse som kunne sjå på dette?

Bruforkjempar Kjell Kjerland skriv i debattinnlegg i BT at no er det nord-sør sambandet det gjeld. Ja, nettopp. Nord-sør for kven? Til Bergensregionen vert det i alle fall ein omveg, for trafikk til Voss og Sogn kan det vera ein føremon.

Med Jondalstunnelen åleine og eksisterande veg om Norheimsund, vert avstanden Oslo-Bergen 477 km. Sivilingeniør Frøysten Dyvik (BT 17.02.1998) og sivilingeniør Johannes Sørli (BT 28.01.02) sitt framtidsalternativ, dvs. om omlegging i Røldal og store deler av E 134 gjennom Telemark, og ny vegline frå Ljones (Tørvikbygd) gjennom Strandebarm-Fusa-Os, medfører at avstanden Oslo-Bergen blir under 400 km. Dvs. over 80 km kortare enn over Hardangervidda. Nokon betre? Samstundes vert dette kopla saman med alternativ som gjer riksveg 1 (ytre kyststamveg) ferjefri. Genialt. Dette knyter verkeleg Hordaland saman.

Bergen, Vestlandets hovudstad, med kringliggjande kommunar, har eit særskilt ansvar, både for eigen del og for Hordaland. BT sin redaksjon har i alle fall oppdaga poenget, jamfør leiar 15. februar i år.

Skal Bergen sitja på gjerdet og sjå at kommunane i Sunnhordland går over til Rogaland?

Jamfør debattinnlegg av Knut Opedal 28. februar d.å.

Bergensarar! gløym hytta i området Eidfjord-Ustaoset ei lita stund, og tenk dykk om.

Næringslivet i Hardanger er ei viktig sak. Men det er framleis riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar som er «flaskehalsar». Rassikring er også viktig. Til dømes riksvegen Herand-Utne held ikkje minstekrav til skogsbilveg.

To «steinverksemder» i Jondal eksporterer stein over heile Vestlandet.

For å koma til Odda og vidare går transporten over Tørvikbygd gjennom Kvam-Kvanndal og over fjorden att til Utne. Tenk over det. Det er mange måtar å fremja næringsliv på i Hardanger, i alle fall når rike kommunar har pengar «på bok». Det får ein heller koma attende til.

Før vi snakkar om bru (uavhengig av stad), må det vera eit hovudpoeng å leggja til rette for ei heildøgnsferje over Hardangerfjorden. Ein stad på midten av fjordlengda vil bli mest effektiv. Dette vil stetta all nord-sør-trafikk, og gjera livet lettare for kommunane sør for fjorden. Til og med eidfjordingar kunne koma seg heim frå Bergen på nattestid.

Denne samferdselssaka er først og fremst ei sak for staten ved samferdsleministaren.

Det er ikkje sak for «småkongar» langs Hardangerfjorden, med kvar sitt syn på vegsakene i «sin» kommune. Nokon må sjå samanhengen med næringsliv (t.d. turisme, som bør spreiast mest mogeleg i fylket,) busetnad, trafikkgrunnlaget både mot sør og aust, og vidare tekniske, økonomiske og transportøkonomiske fakta.

Etter 20-30 år med lobbyverksemd frå indre Hardanger har mange både politikarar og vegbyråkratar sett seg blinde på Hardangerbrua over Eidfjorden. Mange er blitt låste i lovnader, og dels fordomar, og såleis blitt ugilde.

Av Erling Skiple, Årland