Den offentlege einskapsskulen — den som tek imot born frå ulike sosiale lag og gir alle tilnærma same sjansen - er under hardt press. Utdanningsminister Kristin Clemet seier rett ut at vi skal bort frå einskapsskulen (Aftenposten 4. mai i år). Ingen av dei som sit i regjeringa frå Venstre eller Kristeleg Folkeparti protesterer. Jon Lilletun seier at vi har så få privatskular her i landet. Berre 2,5 prosent av elevane går på slike skular, og det er ingen fare om vi tillet litt fleire. Venstres skulepolitikarar, kven no det måtte vera, seier ingenting. Dermed er det Høgres skulepolitikk som ved hjelp av Framstegspartiet blir gjeldande. Då har einskapsskulen dårlege odds.

Venstres skule

Einskapsskulen er feilaktig blitt framstilt som eit sosialdemokratisk prosjekt. Han er det også. Men norsk historie startar ikkje etter krigen. Einskapsskulen er først og fremst uttrykk for Venstres sosiale sinnelag på slutten av 1800-talet, då «allmueskolen» - som var for dei lågare sosiale laga - hadde dårleg klang og slett kvalitet. Viljen til sann opplysning for alle stod sterkt i Venstre då. Med skulelova av 1889 vart det opna for ein felles folkeskule for alle norske born. Her skulle direktørsonen møta sonen av fabrikkarbeidaren. Born med ulik kulturell og sosial bakgrunn skulle veksa opp i same klasseromet. I denne smeltedigelen skulle dei læra toleranse og respekt for kvarandre, om det sosiale utgangspunktet var aldri så ulikt.

Det var ein stor tanke, men han slo rot. Då Arbeidarpartiet etter kvart overtok taumane vart prinsippet vidare utbygd, og kanskje litt for strengt? I alle fall vart det eit opprivande ordskifte om privatskulane utover på 1960-talet, då Per Borten hadde avløyst Einar Gerhardsen. Kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik var faneberar for privatskulelova, vedteken i februar 1970, som sikra at særleg to grupper kunne gå i gang med private skular: Livssynsgrupper og dei som ville ha ein skule med eit anna pedagogisk opplegg enn den offentlege. Slik fekk vi private, kristne skular og ei rekkje steinerskular. Noko alvorleg åtak på einskapsskulen vart ikkje lovendringa av 1970.

Clemets friskular

No er det andre og farlegare vindar som bles. For no har utdanningsminister Kristin Clemet sendt ut eit framlegg på høyring, og det er eit framlegg som i prinsippet gjer det legitimt å skipa private friskular (legg merke til at det no skal heita friskular, ikkje privatskular) i konkurranse med den offentlege. Ein treng ikkje noko meir aktverdig motiv enn generell misnøye med det offentlege skuleverket. Den misnøya høyrer vi er veksande, og den utnyttar Høgre for alt ho er verd.

I USA er systemet med private skular og fritt skuleval velutvikla. Lektor Gro Jonsborg skreiv i Dagbladet laurdag 8. juni: «Folk vi kjenner, reiser rundt for å se på skoler og sjekker miljø og statistikker før de melder barna sine inn på en skole.»

Så går det som ein kan venta: Dei skulane som har mest pengar og best lærarkrefter, og etter kvart dei beste elevane, må byggja ut for å imøtekoma pågangen. Her går det born med ressurssterke foreldre som følgjer opp avkomet sitt.

Men heller ikkje i USA er det slik at alle born har rike og gode foreldre. Somme er dessmeir fattige - på fleire vis. Borna frå dei lågare sosiale sjikta blir stua saman på dei skulane som slit økonomisk og som ikkje kan konkurrera om dei beste lærarane. Dei får ikkje same sjansen som borna på dei rike skulane. Skulane blir dårlegare år for år.

Trygge privatskular

Det vil ta ei stund før Kristin Clemet og Høgre klarar å få til amerikanske tilstandar i norsk skule. Men retninga er klår nok. Det er berre Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV som står opp for einskapsskulen, som er noko av det mest verdifulle som er skapt i eit egalitært Noreg. No risikerer vi i staden ghettoskular basert på ein billeg filosofi om at like born leikar best.

Den verste - kanskje utilsikta - konsekvensen av Clemets friskuleframlegg er at privatskulane hennar kan få eit betre og tryggare økonomisk grunnlag enn dei offentlege. Privatskulen kan få offentleg tilskot til husleiga og vera garantert at det offentlege betaler 90 prosent av utgiftene.

Det kan visa seg å bli eit liv på solsida når vi veit at dei offentlege skulane må konkurrera med eldreomsorg og sosialutgifter og andre lovpålagde oppgåver i kommunar som slit med å få endane til å møtast.

At Høgre prøver å driva høgrepolitikk er ikkje til å undrast over. Men at Kristeleg Folkeparti over natta er blitt tilhengjar av at privatskulane skal konkurrera med den offentlege einskapsskulen er meir overraskande. Og kva Venstre tenkjer og gjer er enn så lenge uvisst. Men det er nok fleire venstrefolk enn veteranen Halfdan Hegtun som synest partiet her opererer i strid med sitt program - og sin ærerike historie.