debattAv Ranveig Frøiland,stortingskandidat ogleiar i Hordaland Arbeiderparti

Det er rett at tre arbeidsdagar går med til å betala skattar og avgifter — men da har ein vanleg arbeidstakar samstundes betalt alle velferdsgodane i Noreg i sju dagar. I til dømes USA må du arbeide to arbeidsdagar for å betala skatt, men der må du betala av eigen lomme mange av dei tenestene vi har gratis her i landet.

Høgre sine skatteforslag vil ikkje bety å redusere skatten for vanlege folk. Med Høgre sitt opplegg vil ein som har under 150.000 kroner i inntekt ikkje få skattelette. Medan ein som har over 600.000 kroner i inntekt vil få 3500 kroner i skattelette.

Det finst mange måtar å dele inn veka på. Slik kan ei vanleg Høgre-veke sjå ut dersom dei kjem til makta:

Måndag: Kuttar dei sjukelønna

Tysdag: Blir bensinen dyrare i distrikta (dei tek burt fraktutjevninga på drivstoff)

Onsdag: Tek dei bort støtta til skulefritidsordninga, slik at foreldrebetalinga aukar

Torsdag: Halverar dei støtta til næringsverksemd, og kuttar over ein milliard i landbruksstøtta

Fredag: Tek dei bort den halve matmomsen

Laurdag: Kutter dei fleire milliardar i støtta til dei fattigaste i verda

Sundag: Sørger dei for at det likevel ikkje blir gratis skulebøker i den vidaregåande skulen.

Dersom du skulle bli sjuk - med Høgre si sjukelønnsordning, vil veka di sjå slik ut:

Måndag: Ingen lønn

Tysdag: Halv lønn

Onsdag: Halv lønn

Torsdag og resten av veka: 90 prosent lønn

Arbeidarpartiet vil at vi skal ta vare på, og vidareutvikle dei gode offentlege tenestene vi har her i landet. Vi vil ikkje kutta i sjukelønnsordninga. Vi vil byggje fleire barnehagar. Vi vil ha billegare barnehageplassar. Vi vil ha gode sjukehus. Vi vil gje gode vilkår for frivillige lag og organisasjonar.