Ein må vera nokså surmaga for ikkje å unna Jan Petersen den suksessen han og Høgre har opplevd siste åra. Jan Petersen vart vald til høgreleiar i Bergen i 1994, og sette seg store mål: Han skulle først ordna Noreg inn i Europaunionen. Deretter skulle han få eit Høgre på hell inn i ein ny vekstperiode.

Vi hugsar korleis det gjekk i EU-kampen. Jan Petersen gav alt som leiar av Høgre, og noverande nestleiar i Høgre, Inge Lønning, gjorde sitt ytterste frå sin posisjon på toppen av Europabevegelsen. Til inga nytte.

Men det skulle bli verre: Høgre gjorde i 1997 eit endå dårlegare val enn i 1993, og berre 14,3 prosent av veljarane syntest Jan Petersen og partiet hans var verd å stemma på. Det var tunge tider, og ingen var i stand til å sjå korleis Jan Petersen skulle kunne gjera noko med elendigheita.

Men alt har si tid, som Preikaren så visleg har sagt, og Jan Petersens tid skulle koma. Historikarane vil nok vera usamde om i kva grad det var Jan Petersens forteneste, men faktum est at Høgre kom kraftig tilbake. Valet i fjor haust plasserte Høgre der det etter mitt syn bør vera — i overkant av 20 prosent. Det var veljarane sitt klapp på skuldra til Høgre, og ingen syntest det var utillateleg av Jan Petersen - det gode mennesket frå Oppegård - å ta det personleg.

Fører Høgre-politikk

På denne plassen i Bergens Tidende har det tidt kome kritiske merknader til Høgre. Men vi kan ikkje godt kritisera Høgre for at partiet - med all si kraft - fører høgrepolitikk når sjansen byr seg. Det er det som skjer no.

Rett nok var Jan Petersen ein smule uheldig med sine taktiske vurderingar då den nye koalisjonsregjeringa skulle komponerast. Det vart Carl I. Hagens jobb å forhindra totalt forlis.

Men etterpå har Høgre funne sin naturlege plass i førarsetet i regjeringa Bondevik. Naturlege? Ja, fordi det er Høgre som no har vilje til makt. Etter at Syse-regjeringa havarerte hausten 1990 har Høgre levd eit magert liv på tilvist plass blant opposisjonspartia. Rekrutteringa frå basen av unge statssekretæremne forvitra. Sentrumsregjeringa som kom i 1997 var knapt til å halda ut. Difor laut ho fellast, og då var gasskrafta ei høveleg sak. I kampen for høgare kraftforbruk finn Ap alltid ein alliert i Høgre.

Vonde kjensler går over

Fellinga av Bondevik skapte vonde kjensler. Men det går som regel over. Å dyrka vonde kjensler og politisk fiendskap er ei destruktiv øving. Så når folket gav Høgre eit løft, og straffa Arbeidarpartiet som fortent, så oppstod ny venskap mellom Høgre, KrF og Venstre.

Men det var Høgre som var og er drivkrafta. KrF og Bondevik kunne ha påverka politikken frå opposisjonsplass, fordi Stoltenberg då måtte stø seg på KrF. Venstre vart med i regjeringa for å skapa inntrykk av eit sterkare sentrum. Men Høgre var knapt i stand til å bera ein ny periode utanfor regjeringskontora. Og så hadde partiet så mykje ugjort.

Busy bee Erna Solberg

I tillegg har dei dårleg tid. Difor er det Høgres saker og Høgres statsrådar som dominerer regjeringsarbeidet. Kommunalminister Erna Solberg er ei busy bee som ikkje kjem til å sova roleg før ho har ribba fylkeskommunen for makt og meiningsfylte oppgåver. Men som distriktsutbyggjar vil ho knapt setja far.

Arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman har teke på seg å modernisera offentleg sektor. Det har andre gjort før han, men somme meiner Norman kan koma til å lukkast. Hans ambisiøse plan for å flytta ut statlege institusjonar frå Oslo er blitt applaudert frå heile landet. Fallhøgda er stor, og mange kjem til å følgja med dersom han ramlar utfor.

Ros til miljø-Brende

I Miljødepartementet sit Børge Brende og gjer det han har mest lyst til. Ein Høgre-statsråd som får ros av miljøorganisasjonane er sjeldan kost. Men Brende er eit politisk dyr som veit å utnytta trykket og sakkunnskapen som Venstre og - kanskje - KrF sit med i miljøpolitikken. At partiet også har statsrådar som dreg ned heilskapsinntrykket er som det må vera. Finansminister Per-Kristian Foss er ikkje mellom dei.

Men Høgres suksess er Høgres problem i regjeringa Bondevik. Bortsett frå eit mindre tilbakefall på gårsdagens meiningsmåling har Høgre plassert seg i trygg posisjon som eit av Noregs største politiske parti. Då hjelper det lite for KrF å ha statsministeren. KrF er den store taparen i regjeringa, dersom målet på suksess er gode meiningsmålingar.

Harmoni i kollegiet

Så vidt eg høyrer er harmonien i regjeringskollegiet upåklageleg, og KrFs statsrådar finn seg godt til rette med den politikken regjeringa fører. Også med distriktspolitikken. Det er desse hersens veljarane og tillitsfolka på regionalt og lokalt nivå som bråkar.

Men inntrykket av ei Høgre-regjering blir styrkt av at KrF anno 2002 ikkje har ei einaste kampsak. Etter at dei fekk gjennomslag for kontantstøtta har partiet forfalle til eit defensivt haleheng til Høgre.

Desto meir vil delegatane på Høgres landsmøte denne helga hylla sine eigne for at dei har sett Høgres stempel på ei norsk regjering. Det er lenge sidan sist.