Av Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag — Bergen

I så fall er han velkomen til å ta kontakt med Noregs Mållag. Mållaget har nemleg kome med fleire konkrete framlegg, mellom anna om å styrkje norskdelen av lærarutdanninga, ha meir norsk i småskulen, styrkje skulebiblioteka, og ha mindre elevtal i klassane. Altså: ei allmenn kompetanseheving og meir tid til den einskilde eleven. Mållaget er sjølv aktivt; i Bergen vert det mellom anna skipa til norskkurs for pedagogisk personell i barnehagen (Pirion-kurs) og bokkveldar for born. Slike tiltak er med på å skape ikkje berre kunnskap, men òg meir interesse og motivasjon for lesing og skriving.

Nettopp interesse og motivasjon er viktig i alt skulearbeid. Det vert framheva av OECD i den internasjonale lesegranskinga som Nilsen refererer til (PISA-granskinga). Derfor er det òg viktig med haldningsarbeid. Vi veit at mange lærarar har negative haldningar til nynorsk, og gjer sitt beste for å overføre desse haldningane til elevane under sidemålsundervisninga. Her er det fleire utfordringar, mellom anna for lærarutdanninga. Likevel er det ikkje sidemålet som skaper dei allmenne leseproblema for norske skuleelevar.

Nilsen vedgår sjølv forklåringsproblemet: Det finst inga forsking som viser samanheng mellom sidemålsundervisning og leseproblem. Lesegranskinga Nilsen viser til (PISA), gjeld dessutan elevar på barnesteget som enno ikkje har hatt sidemålsopplæring. At så Nilsen vil bruke denne lesegranskinga som grunnlag for sidemålsfritak i den vidaregåande skulen, viser ein ganske kreativ logikk. Nilsen har elles eit merkeleg resonnement om at det er vanskelegare for nordmenn å lese, fordi der er for liten skilnad mellom nynorsk og bokmål. Igjen utan noka tilvising.

Ut frå den usamanhengande argumentasjonsrekkja er det vanskeleg å sjå kva som er det saklege og faglege grunnlaget for sidemålsmotstanden til Tom-Christer Nilsen.

Då er det meir interessant å sjå på konsekvensane av sidemålsmotstanden. I praksis er nemleg motstand mot sidemål einstydande med motstand mot nynorsk. For det er nynorsk og nynorskbrukarane som mest direkte vil lide dersom sidemålet forsvinn. Det har å gjere med den utsette posisjonen til nynorsk som mindretalsspråk. Sidemålskravet heng såleis saman med kravet om språkleg jamstelling. Ved å krevje nynorskkunnskap for offentleg tilsette, kan nynorskbrukarar forvente å få svar på målforma si og elles kunne bruke nynorsk mest mogleg fritt. Utan allmenn opplæring i sidemål kan heller ikkje folk velje fritt mellom målformene. Derfor er sidemålsopplæring eit demokratisk spørsmål. Og derfor er sidemålsopplæringa skriftleg. I tillegg kjem dei kulturpolitiske sidene ved nynorsk som skriftkultur og verdien av to nasjonale skriftspråk.

Ein som har innsett desse verdiane av sidemålet, er Høgre sin ordførar i Oslo, Per Ditlev-Simonsen. Men Høgre sin toppkandidat i nynorskfylket Hordaland har ikkje kome så langt. I alle fall ikkje enno.