Av Oddny I. Miljeteig,

1.kandidat Bergen Sosialistisk Venstreparti

Likevel prøver Bergen Høyre å lata som om byens pengeproblem kunne ha vore løyste dersom det sat eit Høgre-byråd i Rådhusblokka. Det er tull. Høgre har i valkampen ikkje servert andre løysingar enn generelle vendingar om å «få fart på Bergen». Men underskota kan ikkje manast ut or budsjetta, dei må dekkast opp med verkelege pengar. Når Torbjørn Hansen, leiar i Bergen Høgre, i BT 30. august snakkar om å setja «tæring etter næring», har han ingen andre konkrete forslag enn dei vanlege om konkurranseutsetjing og anbod. Men det finst sjølvsagt ingen anbodsrunde som kan spara inn dei 300 millionane som trengst for å tetta budsjettholet i Bergen.

Bergen Høyre går til val på eit program som ikkje går i hop. Herman Friele har lova å fjerna kommuneunderskotet på tre år. Samstundes vil Bergen Høyre fjerne somme av dei viktigaste inntektskjeldene kommunen har. Høgre vil avskaffa eigedomsskatten, eit kutt som med eitt slag vil dobla underskotet i bykassen! Samstundes vil Bergen Høyre selja BKK. Vasskrafta vil gje kommunen sikre inntekter til dommedags ettermiddag. Kommunar landet over angrar no på at dei selde seg ut av kraftverka sine på 90-talet. Mange av dei har tapt mestedelen av verdiane i dei siste års børsfall. No ynskjer Høgre å gjera nett same feilen med regnvatnet her. Å selja BKK vil dessutan utløysa skatt på mest ein milliard kroner — og Bergen Høyre har så langt ikkje forklart koss denne rekninga skal betalast. På same måte vil Høgre selja ut andre kommunale funksjonar og bedrifter, verdiar som folk i byen saman har bygd opp gjennom mange tiår. Høgre har altså programpostar som vil mangedobla Bergen kommunes økonomiske utfordringar. Lovnaden om å sletta budsjettunderskotet kan med denne politikken haldast berre dersom eit nytt Høgre-byråd går til rein krig mot dei tilsette i kommunen - og seier opp hundrevis. Prisen for ein slik politikk vil dei måtta betala som treng pleie, omsorg og undervisning. Og ein lengre arbeidsløysekø vil neppe vera noko stort bidrag til å «få fart på Bergen».

Med dette i minne er det dristig av Torbjørn Hansen å skulda SV for å driva «kommuneøkonomisk sirkus» i valkampen. Han påstår jamvel at veljargarantien til SV kostar 1,4 milliardar. SV har laga ein garanti til våre veljarar som viser kva slags saker vi vil setja aller først dersom SV får avgjerande innverknad i bystyret etter valet. Garantien har sju punkt:

At det vert fleire lærarar i skulane i Bergen

At det vert lågare prisar og betre tilbod i kollektivtrafikken i Bergen

At sosialhjelpssatsane skal aukast til 80 prosent av minstepensjon

At det skal byggjast kommunale barnehageplassar

At byens eldre skal få fersk mat frå lokale kjøkken

At det endeleg skal byggjast bustader til heimebuande menneske med utviklingshemming

At kommunale tenester ikkje vert privatiserte eller konkurranseutsette.

Desse forslaga garanterer vi at vi vil leggja fram om det vert vi og ikkje Høgre som får ei hand på rattet i Bergen etter valet. Garantien har ingen prislapp, nett av di bergensarane skal vita at SV vil pressa på for å gå så langt som mogleg på dei einskilde punkta. Og på alle desse punkta er det råd å gå i rett lei sjølv med dagens vanskelege pengekår. Høgres prislapp er henta ut or lause lufta!

Det finst berre to løysingar på Bergens økonomiske problem. Anten vil Høgre få halda fram med sin utarmingspolitikk nasjonalt og fylgja opp lokalt med alvorlege kutt i folks velferd. Eller Bergen kommune kan bidra til eit kommuneopprør for å pressa fram auka løyvingar frå staten. Samstundes kan eit regjeringsskifte i 2005 gje heilt andre rammevilkår for lokaldemokratiet og innbyggjarane i kommunane. Ein annan veg enn Høgres er mogleg. Då må bergensarane bruka den røystesetelen det står SV på 15. september.