Ja, slik skulle nokon kvar gjera så varde pensjonen lenger. Samstundes vart det understreka kor vanskeleg det var å leva av trygda her i landet. Lat meg med ein gong seia at eg er ikkje kritisk til kva og korleis trygda vert nytta, heller ikkje tek eg opp spørsmålet om storleiken på trygd. Dei trygda er sikkert verd kvar einaste krone dei får og mange truleg mykje meir enn utbetalinga er.

Derimot vil eg sjå litt på tanken som truleg ligg bak artikkelen i BT: Sjå kor dyrt alt er i Noreg, sjå kor mykje meir ein kan få for pengane i utlandet.

Reknestykket står sikkert til karakter Sg, men er det rett for det? Kan det vera meininga at folk skal tena pengar i eit høgkostnadland og så kunna bruka dei i eit land som har lågare kostnad? Trafikken over svenskegrensa er eit døme, om det ikkje nett kan samanliknast med Østen sine prisar. Statistikken viser likevel at svenskane brukar 14 prosent av innkoma til mat, nordmenn brukar her i landet 11,4 prosent, og svensk arbeidskraft kjem over grensa m.a. fordi dei tenar betre hjå oss enn heime.

Kor stor prosent folk i Thailand, Indonesia, Afrika brukar av si inntekt til å leva for, det kan tenkje seg å nærma seg 100 prosent, om det er nok då?

BT har ein notis 15.04. 2002 som har som overskrift: «Jobber mindre for maten enn tidligere», eg siterer: «To timer og 17 minutter må Oslo-folk jobbe for å få råd til et ukentlig forbruk av matvarer. Det er et kvarter mindre enn i fjor. Dette viser den årlige matprisundersøkelsen fra Norsk Landbrukssamvirke og Norges Eksportråd», sitat slutt. Ja, det går rette vegen, eit kvarter mindre jobbing for kvart år, vil det då seia at maten vert omtrent gratis når tida er inne?

Mitt synspunkt er at kostnaden på maten må sjåast i høve til inntekt og kor stor prosent av denne som går til å leva for, det må då vera det som er interessant å samanlikna.

Som eg skriv i innleiinga, dette er ikkje noko vurdering av dei trygda si stode her i landet, til det har eg altfor få fakta å bygga på. Men eg har hug til å fortelja om ein som er trygda og som bur i Indonesia store deler av vinteren. Han er òg rik samanlikna med folket der borte, han bur saman med indonesiske vener, betalar for seg og kan endå hjelpa dei økonomisk resten av året.

Det må vel vera utviklingshjelp med hjartevarme.

LARS JØRDRE